Eigenproduserte grønnsaker

Ute er det skikkeleg vinter og barna kosar seg i akebakken vår. Men når vi er inne har vi begynt å tenke på våren som ligg der på vent. Vi startar no opp med å så tomat, agurk og paprika som skal få vekse seg store i drivhuset vårt i sommar.

Ute i baljer skal vi så poteter og gulrøtter. I mai sår vi, direkte i kasser i drivhuset, reddik og salat som tek so kort tid frå såing til spiseklar. Vi prøver alltid ut noko nytt, ikkje alt blir vellukka, men artig likevel. 

Frå frø til spiseklare grønnsaker

Det er kjekt å innvie barna i opplevinga det er å sjå prosessen fra frø til spiseklart produkt og dei deltek i såing, vatning og hausting. Det saman med å lage fuglemat for å fore fuglane om vinteren, og lage innsekshotell for bier og humler, lærer barna litt om naturen rundt oss og kor viktig det er å ta vare på mangfaldet.

Arbeid i drivhuset

Arbeidet i drivhuset nyttar vi og til å lære om matematikk, kor mange liter vatn brukar vi, kor mange kilo agurk og tomat i løpet av sommaren, eller gram. Kor tung er den største agurken og kor lang? Vi fører logg. I fjor var den største agurken 600 gram, og vi kunne hente inn tre til fire store agurkar i veka frå juli til oktober, og mange herlege tomatar.

Når vi haustar rotfruktane om hausten lager vi grønsaksuppe saman med barna.

Fotogalleri

Eigenproduserte agurkar i drivhuset i barnehagen - Klikk for stort bilete
Eigenproduserte grønnsaker i drivhuset i barnehagen - Klikk for stort bilete
Eigenproduserte grønnsaker i drivhuset i barnehagen - Klikk for stort bilete