Bærekraftig utvikling og gjenbruk

I barnehagen har vi eit felles prosjekt om bærekraftig utvikling og gjenbruk. Kvar avdeling har grepet fatt i temaet på mange ulike og spanande måtar. 

Innsamling av plast

Vi på Stjernedryss har blant anna samla inn ulike plast emballasjar (for det meste hardplast), papp og kartongar, ulike boksar, lokk og andre spanande konkretar som ofte ellers hadde havna i søpla. Vi lagde spanande leikesonar for barna hvor vi plasserte gjenbruksmaterialane i hyllar og i kassar og rydda vekk andre leiker for eit par dagar.

"Handletur på butikken"

Det var eit herlig syn då barna kom inn i rommet, dei lukta på dei tomme sjampo flaskene og vaniljesukker boksene, dei åpna og lukka, dei putta oppi og tømte ut, dei rulla på lokk, dei prøvde å finne det rette lokket til den rette boksen, dei frakta mindre materialer oppi større beholdere fra stad til stad på avdelinga, dei putta oppi små handlenett og var plutseleg på handletur i butikken og dei var sjørøvere som såg noe spanande i kikkerten. Dei virkelig utforska og undra seg over alt og fekk leike med ulike konkretar som dei eller gjerne ikke brukar å leike med.

Gjenbruk

På same tid fekk dei ein oppleving og erfaring av at boksar, beholdarar, kartongar, flaskar og annet som dei ellers forbindar med ulike typar samanhenger og situasjonar, faktisk kan brukast til andre ting. Eit artig og spanande prosjekt hvor barna fekk mange erfaringar med ulike materialar, luktar, formar, eigenskapar og utforskande leik. Mange fine erfaringar kring realfaget og oppdage gjenstandar i nye situasjonar og samanhengar. 

Plastflasker med fine farger - Klikk for stort bilete
Kasser med formingsmateriell - Klikk for stort bilete
Kasse med formingsmateriell - Klikk for stort bilete
Flasker med vatn i ulke farger - Klikk for stort bilete