Om oss

Stranda barnehage er ein kommunal barnehage på Steinsland, sør i Øygarden kommune. Barnehagen har lett tilgang til sjø, fjell og skog. Uteområde har variert terreng.

Stranda barnehage - Klikk for stort bilete

Vi er ein barnehage som legg vekt på gode læringsarenaer. Vi har eit fokus på barns medverknad. Vi legg vekt på at barna treng alderstilpassa utfordringar og oppgåver som dei kan strekkje seg etter, for såleis få føle mestring.

I Stranda barnehage er det seks avdelingar. Vi har ei ute- /friluftsavdeling  med 16 barn i alderen 3-6 år. Avdelinga har fokus på kva dei kan nytte naturen til og korleis dei best tar vare på naturen. 

Barnehagen sine mål

  • Vi skal gje omsorg og stimulere til utvikling via leik, læring og samhandling i eit inkluderande miljø prega av tryggleik og trivsel.
  • Barna skal få ulike utfordringar tilpassa den enkelte sine føresetnader.
  • Personalet skal legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette, interne og eksterne aktørar.
  • Barna skal få uttrykkje sitt syn på barnehagens daglege verksemd.
  • Barna skal få kjennskap til sitt lokalmiljø.
  • Barna skal få oppleve naturen og få undre seg over den.
  • Personalet er ein del av eit stimulerande læringsmiljø med fokus på nytenking og utvikling.

Leik og læring

Leiken er ein viktig del av barns kvardag og deira trivsel. Leik er motiverande for barnet. I barnehagen ser vi på leiken som viktig arena for utvikling og læring, og for sosial og språklig samhandling.

I barnehagen vår skal barna få oppdage og forstå samanhengar, få undersøkje, utvide perspektiv og få ny innsikt ved å bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine.

Fotogalleri

Stranda barnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Stranda barnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Stranda barnehage - Klikk for stort bilete
Stranda barnehage - Klikk for stort bilete