Om oss

Logoen til Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete

Spildepollen kystbarnehage er ein heilt ny barnehage som opna juni 2021. Vi er ein kommunal barnehage med 5 avdelingar; Havørna, Måsen, Tjelden, Kråkebollen og Kokkelurane.

Ikoner for dei ulike avdelingane i barnehagen - Klikk for stort bilete

Barnehagen ligg flott til i Spildepollen og har barneskulen som næraste nabo. Barnehagen har gode moglegheiter til turar i skog, vatn og til sjø. I tillegg kan vi nytta oss av skulen sin gymsal, fotballbane og ein heilt ny sykkelbane. Gjennom alle desse moglegheitene ligg alt til rette for fysisk utfalding og til å skape eit miljø som gjev barna tryggleik, omsorg, trivsel og tilhøyrigheit som igjen vil verta med på å styrka barns utvikling.

Alle barn i Spildepollen kystbarnehage skal føla seg velkommen og møta utfordringar som er tilpassa deira evner og behov. Opplegg skal leggjast til rette slik at alle barn har moglegheit til å meistre oppgåva aleine eller med litt hjelp. Det er viktig for oss at alle barna trivast og knyt vennskap i barnehagen. 

Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete

Eigen båt og naust

Vi har tilgang på eigen båt og naust. Båten vert brukt til fisketurar, krabbefangst og øyhopping m.m. Dette er populære aktivitetar for små og store i barnehagen.

Avdelingar

  • Havørna: Stor avdeling med 24 barn i alderen 5-6 år
  • Måsen: Mellom avdeling med 18 barn i alderen 2-4 år
  • Tjelden: Mellom avdeling med 18 barn i alderen 3-4 år
  • Kokkelurane: Småbarnsavdeling med 12 barn i alderen 1-2 år
  • Kråkebollen: Småbarnsavdeling med 12 barn i alderen 1-2 år

Levering og henting av barn

Barna blir levert og henta på den avdelinga ein går på. Vi har samla alle dei eldste barna (klubben) på Havørna, slik at dei barna får vere ilag det siste året før skulestart.

Det er viktig for oss at du tar/får kontakt med ein vaksen når du kjem og hentar barnet. Barnehagen må få beskjed om det er andre som hentar barnet enn foreldre/føresette.

Primærkontakt

Vi har primærkontakt til alle barna for å sikre tryggleik for barna og at alle barn skal bli sett kvar dag. Det er særs i tilvenjinga til barnehagen, og ved overflytting til ein annan avdeling at primærkontakt er viktig og får eit ansvar for at barn og foreldre kjenner seg velkomne og har det bra. Primærkontakt skal delta meir aktivt i førebuing til foreldresamalane til sine primærbarn. Vi har elles eit felles ansvar for alle barna, sjølv om vi har hovudansvar for nokre enkelte.

Kven av dei vaksne på avdelinga skal så foreldre forholda seg til i det daglege? Beskjedar som gjelder barnet, den dagen eller andre munnlege beskjedar, som gjelder alle, er det lettast å gje til den som er på vakt når de kjem på morgonen eller hentar på ettermiddagen. Er det saker de ønskjer å ta opp, er pedagogisk leiar, evt. Styrar eller styrarassistent, rett person. Pedagogisk leiar og primærkontakt vil ha gode kontakt.

Fotogalleri

Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
Uteområde i Spildepollen kystbarnehage - Klikk for stort bilete
I sykkelskuret - Klikk for stort bilete