Om oss

Marihøna barnehage vart opna i juli 2002, og er ein av 17 kommunale barnehagar i Øygarden kommune. Bygget er eigd av Fjell Bustadstifting og barnehagen vert drifta av Øygarden kommune.

Marihøna barnehage - Klikk for stort bilete

I Marihøna barnehage har vi fire avdelingar der det til ein kvar tid er ein eller to avd for barn frå 0-3 år. Samansetjinga og gruppestørrelsar kan variere frå år til år, men innan bemanningsnorma. Totalt er barnehagen godkjent for 87 barn, dersom alle er over 3 år.

Uteområde

Barnehagen ligg på Hjelteryggen, og har fått eit flott uteområde (oppgradert i 2016). Uteområdet er variert, med mykje ulendt terreng på barnehagen si bakside. Her får barna gode moglegheiter til å utfolde seg.

Uteområde i Marihøna barnehage - Klikk for stort bilete
Marihøna barnehage - Klikk for stort bilete
Disser i uteområdet i Marihøna barnehage - Klikk for stort bilete
Skilt for Marihøna barnehage - Klikk for stort bilete
Lekeplass i uteområde i Marihøna barnehage - Klikk for stort bilete

Ut på tur

I nærmiljøet finn vi ulike turområder som vi nytter; «Edderkopphula» i sør, leirområdet nord i skogen, vasstårnet og Kyrkjevegen i vest. Personalet vil gjere seg kjent i nærmiljøet, nytte dei ulike stadene for leik og læring som finns i nærmiljøet til barnehagen, og knytte dette til pedagogisk innhald og fagområda i rammeplanen. Ein dag kvar veke har avdelingane  som mål å gå på tur i nærmiljøet.