Informasjon om sjukdom

Barn som går i barnehage er meir utsett for infeksjonar enn andre barn. Vanlegvis avgjer allmenntilstand til barnet  om det bør vera heime frå barnehagen i ein periode, men for einskilde sjukdommar kan det vera nødvendig å bli heime utover dette for å hindre spreiing av smitte til andre.

Forkjøling, halsbetennelse og øyrebetennelse er nesten dobbelt så vanleg hjå barnehagebarn sammenlikna med barn som ikkje går i barnehage. Mage/tarm-infeksjonar er opp til tre gonger så vanleg hjå barnehagebarn. I tillegg oppstår det stadig vekk utbrudd i barnehagar av mellom anna hovudlus, brennkoppar og ulike utslettsjukdomar.

Spreiing av smitte i barnehagar skjer hovudsakleg gjennom direkte eller indirekte kontakt mellom barna.

Hygieneråd for førebygging av smittsame sjukdomar i barnehagen

Kva tid er det ikkje nødvendig å halda barna heime frå barnehagen?

Ved påvising av enkelte sjukdomar er det ikkje formålstenleg å halda barn heime frå barnehagen.

Det kan vera fordi sjukdomen i stor grad smittar før symptom oppstår, fordi smitterisikoen er svært liten når barnet er vorte frisk, eller fordi tilstanden er så vanleg/lite alvorleg at det ikkje gjev grunn til å halda barnet heime.

Eksempel på slike sjukdomar er den femte barnesjukdomen (erythema infectiosum), munnsår, vorter og hand-fot-munnsjuke.

Kva tid skal barna vera heime frå barnehagen?

Erfaringar viser at strenge reglar for å halda sjuke barn ute frå barnehagen har avgrensa effekt på spreiinga av smitte. Det kan mellom anna skuldast at sjukdomar er smittsame før ein ser teikna på sjukdomen. Likevel bør sjuke barn i mange tilfelle haldast heime ein periode for å hindra spreiing av smitte til andre barn.

Ved smittsam sjukdom vil allmenntilstanden til barnet ofte gjera det nødvendig at barnet bør vera heime. Vurdering av allmenntilstanden til barnet må alltid baserast på skjønet til forelda. Som hovudregel bør barnet vera friskt nok til å kunna delta i normale aktivitetar i barnehagen, og barnet bør vera feberfri.

Ved mange sjukdomar kan det vera vanskeleg å gje ein nøyaktig tidsperiode for kva tid barnet kan venda tilbake til barnehagen. Dette gjeld til dømes ved brennkoppar. I slike tilfelle må det gjerast eit skjøn av behandlande lege eller av foreldra.

Oversikten under dekkjer dei vanlegaste symptoma og sjukdomar som kan førekoma hjå barn som går i barnehage eller dei  lågare klassetrinna i skulen.

Informasjon om sjukdom

Når barnehagen ringjer og seier at barnet er sjuk

Nokre gonger får foreldre telefon frå barnehagen om at barnet er sjukt og må hentast.

Dersom tilsette i barnehagen ser at barnet vert dårleg, er det viktig at dei sier frå til foreldra. Og ofte er det nødvendig at barna vert henta. Sjuke barn skal ikkje vera i barnehagen. Spesielt viktig er dette ved oppkast og diaré. Da må barnet bort frå barnehagen så raskt som mogleg for å avgrensa smittefaren for dei andre barna.

Heime med sjukt barn - igjen!

Særleg dei første par åra i barnehage verker det som om barnet vert smitta av kvart einaste virus som er innom barnehagen. Det er slitsamt både for barnet og foreldra, og det er ikkje alltid så enkelt å måtte vera heime frå jobben – igjen!

Når ein har eitt barn kan ein vera heime med det ved sjukdom i inntil ti dagar per kalenderår. Talet er det same når ein har to barn, men vert utvida til 15 dagar ved tre eller fleire barn. Regelen gjeld til barnet fyller 12 år. Er barnet kronisk sjuk, kan ein søkja om fleire sjukedagar.