Betaling for barnehage

Kort fortalt

  • Du betalar frå den månaden (oppstartsdato)  barnet ditt startar i barnehagen.
  • Kostnad for mat kjem i tillegg.
  • Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
  • Familiar med låg inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.
  • Eit vedtak om redusert barnehagebetaling gjeld for eitt år om gongen. Ein må søkja på nytt for kvart barnehageår.
  • Du betalar for elleve månader i året. For kommunale barnehagar er det betalingsfri i juli.

Pris for barnehageplass

Makspris for ein barnehageplass vert bestemt av Stortinget. Frå 1. januar 2023 er maksprisen for foreldrebetaling kr. 3 000,- per månad for heiltidsplass. Matpengar kjem i tillegg til det du betaler for barnehageplassen.

Barnehageplass
Plasstype Pris 01.01.2024 (pr. mnd) Pris 01.08.2024 (pr. mnd)
Inntil 50 t/v 3 000 2 000
Kostpengar (kommunale barnehagar) 330 330
For sein henting per påbegynt halvtime (kommunale barnehagar). Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon ved for sein henting av fleire barn. 305 305

Redusert foreldrebetaling

Ordninga gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt. Ei hushaldning skal ikkje betala meir enn 6 % av brutto årsinntekt for eín barnehageplass. Her finn du meir informasjon om redusert foreldrebetaling

Søskenmoderasjon

Foreldre med meir enn eitt barn i barnehage skal ha søskenmoderasjon, denne vert berekna slik:

  • For første barn må du betale ordinær pris.
  • For barn nummer to vert det trekt 30% i søskenmoderasjon.
  • Frå august 2023 får du 100% søskenmoderasjon for barn nummer tre eller fleire som har opphald i barnehage samtidig.

Det er ikkje naudsynt å søkja om ordninga, den vert berekna automatisk. Søsken må bu i same hushald. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.

Ikkje betalt faktura

  • Kommunale barnehagar: Manglande betaling for barnehageplass vil medfører at kravet vert sendt til inkasso. Kommunen kan varsle om oppseiing av plassen ved vesentleg mislighald.
  • Private barnehagar: I private barnehager gjeld den einskilde barnehage sine vedtekter og reglar vedrørande betaling.

Lovar og reglar