Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.