Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Rett betyr at den einskilde har rett på gratis opplæring etter læreplanen som er ei forskrift til integreringslova. Denne retten fell vekk dersom ein ikkje har gjennomført opplæringa innan dei fristane som gjeld. Etter at fristen har gått ut kan kommunen ta betalt for opplæringa.

Plikt betyr at ein må ha gjennomført opplæringa og/eller bestå prøver på eit visst nivå for å kunna få permanent opphald og statsborgarskap seinare.  

Desse har rett og plikt

Følgande personar har rett og plikt til gratis opplæring:

  • Flyktningar busett i kommunen
  • Innvandrarar frå land utanfor EØS-området
  • Familiegjenforente med norske og nordiske statsborgarar
  • Asylsøkarar som har fått opphaldsløyve og ventar på busetting.

For dei som har rett og plikt til opplæring ligg det også eit krav om å gjennomføre 75 timar med undervisning i samfunnskunnskap i tillegg til prøve.

Desse har plikt

Følgande personar har plikt men ikkje rett til gratis norskopplæring:

  • Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS/EFTA- området
  • personar som kjem til landet som familiegjenforente med desse

 

Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift.

Lærings- og integreringssenter
Telefon 55 09 76 70

Adresse

Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume

Postadresse
Ternholmvegen 2,
5337 Rong