RetningslinerLærings- og integreringssenter skal vera ein trygg stad der alle kan læra og utvikla seg positivt. Respekt og samarbeid er nødvendig for å få ein positiv skuledag. Vi er forskjellige og må ta omsyn til kvarandre.Alle skal medverka til å skapa eit godt arbeidsmiljø og er forplikta til å retta seg etter dei reglane som gjeld på skulen.RetningsreglarLærings- og integreringssenter forventar at du:møter presis til alle timane. Kjem du meir enn fem minutt for seint eller forlet ein time før undervisninga er slutt, vert timen notert som ugyldig fråværgjev skulen beskjed dersom du flyttar eller sluttarhar med deg bøker og anna nødvendig utstyrviser god arbeidsinnsatsgjer heimearbeid til avtalt tiddeltek på ekskursjonar og andre arrangement i skuletidatek vare på alt undervisningsutstyr som høyrer skulen tilheld orden både inne og ute, ryddar opp etter degerstattar skade på eigedom eller eigendelar til skulen for inntil kr. 5 000,-brukar mobiltelefonen berre etter avtale med lærarviser toleranse og ikkje krenkjer andre med mobbing, trakassering eller valdsbrukikke sjikanerer andre deltakarar på grunn av tru, klesdrakt eller måtar å eta på. Kvinner og menn har same rettar. Det er ikkje lov med bøn i undervisningstidaav pedagogiske årsaker ikkje nyttar hovudplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet dittrøykjer på lovleg område, og kastar sneipane i askebegerfølgjer forbud mot all bruk av rusmiddel i skuletidaFråværsreglarEr du vekke fra skulen eller praksis skal du:same dag melda frå til skulen om fråværet. Dette gjer du på SMS på mobilnummer 903 68 095 eller e-post til kontaktlærarførste skuledag etter fråværet levera eigenmelding eller sjukemelding om fråværsgrunn og tidspunkt for fråværgi beskjed til praksisplassengå til lege, helsesøster og tannlege etter kl. 12.30. Du skal be om ny time dersom du har fått time i skuletidafor alt anna fråvær søkja programrådgjevar hjå INTRO om permisjon minst ei veke på førehandReglar for bruk av datamaskiner og internettDatamaskinene til skulen er til bruk for deltakarar på skulen og skal behandlast med varsemd. Det er ikkje lov til henta inn, lagra eller vidaresenda rasistisk, valdeleg eller pornografisk materialeLån av PC berre etter avtale med lærar Sist endra 09.01.2026 13.20