Permanent opphald og søknad om norsk statsborgarskapUtlendingsdirektoratet (UDI) forvaltar regelverket om permanent opphald, medan Integrerings- og mangfaldsdirektoratet forvaltar regelverket etter integreringsloven. For spørsmål om prøvane og oppmelding, kan du gå til norskprøven.no eller samfunnskunnskapsprøven.noSjå UDIs informasjon til innvandrere om permanent oppholdStatsborgarskapDersom du er mellom 18 og 67 år og skal søkja norsk statsborgarskap, må du dokumentere at du har bestått ei samfunnskunnskapsprøve på norsk. Du kan dokumentere kravet med mellom anna følgjande prøvar:Bestått StatsborgerprøvenBestått Samfunnskunnskapsprøven på norskDersom du har bestått ei av prøvene på norsk tidlegare, treng du ikkje å ta prøva på nytt.For å søkja statsborgerskap må du i tillegg dokumentere at du har ferdigheiter på nivå B1 eller betre i norsk munnleg og at du har gjennomført opplæring i norsk eller norsk og samfunnskunnskap. Om du ikkje har gjennomført opplæringa kan du søkja fritak dersom du har B1 eller betre på alle dei fire delprøvane i Norskprøva eller på annan måte kan dokumentera at du har gode nok kunnskapar i norsk.Nokre kandidatar kan også få fritak frå kravet om å dokumentera språkferdigheiter og kunnskapar om samfunnet.Du kan lesa meir om språkkrav og krav om kunnskaper om samfunnet for å bli norsk statsborger her.UDI forvaltar regelverket om statsborgerskap. Det er berre UDI som kan svara på spørsmål om kva du må dokumentera for å oppfylla krava til statsborgarskap. Se UDIs informasjon til innvandrere om statsborgerskap. Sist endra 05.02.2026 09.44