Søkja, endra eller seia opp SFO-plass

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med særskilte behov frå 1. til 7. klasse.

Har du barn med særskilte behov i 5. - 7. klasse? Tilbodet for denne gruppa er gratis dersom eleven har sakkyndig uttale, der hovuddiagnosen tilseier at det er til beste for eleven å ha plass i SFO. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Søknad om SFO-plass

Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt. 

Søk SFO-plass

Oppseiing og endring av SFO-plass

Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Dersom ein seier opp FØR den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i neste månad. Men dersom ein seier opp ETTER den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i månaden etterpå (nesten 2 månader etterpå).

Endra eller seia opp plass i SFO

Opningstid

Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gjeld berre Tjeldstø). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her

Ferie-SFO

Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO. Søknadsfrist er i høve vedtektene 4 veker før den aktuelle ferien.

Betaling for SFO-plass

Kommunestyret vedtok å frysa prisen på SFO for 2024. Det er difor same betaling i 2024 som i 2023. Prisane for 2024 er lista opp i tabellen under. 

Prisar per månad for SFO-plass.

SFO
Type plass Antall timar Opphaldstid 2024
Heil plass (gjeld berre Tjeldstø) 5 Kl 07.00-17.00 3 220
Ordinær heil plass 4,5 Kl 07.00-16.30 2 840
Redusert plass 3,5 Kl 07.00-15.30 2 255
Etter skuletid (gjeld berre Tjeldstø) 3,5 Til kl 17.00 2 255
Etter skuletid 3 Til kl 16.30 1 960
Etter skuletid 2,5 Til kl 15.30 1 645
Morgonopphald 1,5 Kl 07.00 til skulestart 980
Matpengar SFO 110
Dagplass 345
Enkelttimar 85
Kriseplass (per veke) 820
Ferie-SFO 950
Ferie-SFO for elevar på 1. trinn 710
For sein henting, per påbegynte halvtime 290

Søskenmoderasjon

  • Barn nr 2 - 30 %
  • Barn nr 3 og oppover - 50 %

NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken.

Prisar for SFO-plass - 1. og 2. klassingar

Prisar for SFO-plass - 1. klassingar
Type plass Pris per månad for SFO 2024
Heil plass Tjeldstø 1 684
Heil plass ordinær 1 304
Redusert plass 719
Etter skuletid 3 timar 424
Etter skuletid 2,5 timar 109
Morgonopphald Gratis