Praktisk informasjon

Her finn du praktisk informasjon om SFO på Kolltveit skule.

Henting i SFO

Når barna blir henta av andre enn dei som henter dei til vanleg, ber vi dykk om å gje beskjed til basen på SFO innen kl. 12.00 inneverande dag. Dei borna som nokre dager går heim rett etter skulen må gje beskjed om dette på transponder på morgonen før skulen startar. 

Hugs alltid å gje beskjed til ein tilsett i SFO når du hentar barnet ditt! Når barnet blir henta av andre, så må dei også gje beskjed.

Det er viktig at barna blir henta innan kl.16.30. Dette gjeld også for dei som har delt plass til kl. 15.30. Ved for sein henting må du betale kr. 290.- pr. påbegynte halvtime.

Dersom du er forsinka må du ringja SFO seinast kl. 16.25.

Opningstid

SFO opnar kvar dag kl. 07.00 og barna er saman fram til skulen startar kl. 08.30. SFO held så fram frå  skuledagen er over og til kl.16.30.

Alle barna som har morgon-SFO møter nede i Paviljongen. På morgonen har vi roleg fri leik inne fram til frukost ca. kl. 07.40. Barna har med seg eigen matpakke til frukost. Etter frukost ca. kl. 08.15 går vi ut og er samen ute fram til skulen starter.

Kontaktinformasjon

  • 1. trinn: 905 10 475
  • 2. trinn: 468 12 062
  • 3 .og 4. trinn: 959 99 918

Anna informasjon

Etter skuletid (måndag-torsdag) et barna med sin klasse i sitt klasserom. Kvar fredag har vi smørelunsj med grovt brød og variert sunt pålegg. Kr. 100,- per månad, 11 månedar i året (kjem på SFO-faktura).

Vi er ute kvar dag, og barna må alltid ha ute og skifte-klede til SFO. På ettermiddagane vil aktivitetane variere inne eller ute frå base til base men den frie leiken står sentralt i kvardagen vår. Vi bruker også gymsalen i periodar og barna får då bli med på fysiske aktivitetar som ballspill eller anna organisert leik.

Siste tysdag i kvar månad har vi bursdagsfeiring i SFO med noko godt og ete.