Energimessa 2019 - Stor skaparglede

I år deltek 11 skular med standar inspirert av temaet Frå tankenes kraft til berekraft.

Ingenting er umogleg − Husk at ingenting er umogleg! Takk for at de vågar å tenkja utanfor boksen. Me har lov til å tenkja tankar som per i dag ikkje er gjennomførbare, men som ein dag kan bli ei realitet. Det er kjempegøy å sjå så mange skular representerte, sa Tom Georg Indrevik, varaordførar i Fjell kommune, i opningstalen sin.

Gry Sæterdal, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap, var imponert over elevane.

− Den kunnskapen som elevane tileignar seg no vil bli viktig for framtida. Skal me klara å løyse berekraftmåla, må me ha teknologi. Her lærer elevane å jobba i grupper, dei har ulik kompetanse og skal saman koma fram til ei løysing, sa Sæterdal til Vest Næringsråd, og la til:

− Me må ha meir av dette i skulane! For å skapa ein teneste eller eit produkt trengst det teknologi og elevar som får lov til å vera kreative.

Delte ut prisar Onsdag kveld vart det kåring og prisutdeling for beste utforma stand, mest innovative stand og mest publikumsvennlege stand. Juryen bestod av dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, saman med varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, og Gro Sæterdal frå Ungt Entreprenørskap.

  • Best utforma stand: Hjelteryggen skule, 7. trinn. Prosjektnamn: "Ren energi – ren transport".
  • Mest innovative stand: Tranevågen 10a/10c: "Simple Clothes, Handle med hjernen- og hjertet".
  • Mest publikumsvennleg: Sund ungdomsskule. Prosjektnamn: "Magisk. Framdrift uten miljøbelastning."

Dei tre skulane fekk ei sjekk på 5000 kroner kvar frå Sparebanken Vest, DNB og Kunnskapsbyen i Vest.