Energimessa 2018 - Nye løysingar på gamle problem

Messa er eit arrangement for elevar og skular, med mål om å visa fram nyskapande teknologiorientert elev-arbeid i Fjell, Sund og Øygarden. Dette var den tredje Energimessa, med 12 innovative standar som viste nye og spennande løysingar på gamle problem.

Skulane hadde lokale samarbeidspartnarar som Harddisk, Sintef og andre. Elevane vann prisar for sine kreative prosjekt, og samarbeidet mellom skule og næringsliv rosast. Målet med messa er å inspirera til teknologiinteresse og samarbeid mellom skule og næring.

Det vart også kåring av beste, mest publikumsvennlege og mest innovative stand. Sparebanken Vest premierte vinnarane med 5000 kroner kvar.

− Det er mykje godt arbeid her. Alle er vinnarar i dag, sa Olav Hovland, banksjef i Sparebanken Vest ved opninga av messa.

Juryen bestod av Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell), Paul J. Manger (prosjektleiar for Nye Øygarden kommune) og Henning Hauso (dagleg leiar i Vest Næringsråd).

− Eg er kjempeimponert over engasjementet blant elevar og lærarar. Det var høgt nivå på standane og ideane elevane hadde realisert, seier Henning Hauso.

  • Mest publikumsvennlege stand: 9a Fjell Ungdomsskule – WeDo
  • Beste stand: ToF1 Sotra Vidaregåande skule – Gokart med el-motor
  • Mest innovative stand: Knappskog skule, 5. trinn – Vannenergi på nye måtar