Praktisk informasjonHer finn du praktisk informasjon om Bjorøy barnehage.Dagen vår DagsrytmeKlokkeslettAktivitet07.15Barnehagen åpner og avdelingene samarbeider08.30Frokost09.00Lek, temaarbeid, tilrettelagte aktiviteter, oppdeling i grupper, utetid, tur m.m.11.30Lunsj for alle. Ute eller inne12.00 - 14.30Soving/hvilestund for de minste og utetid for de eldste14.30 - 15.00Fruktmåltid15.00 - 16.45Utetid, aktiviteter, lek16.45Barnehagen stenger Nyttig informasjon Kontakt barnehage-heimDen daglege kontakten er særs viktig. Alle foreldre blir tilbydt foreldresamtalar i året haust/. Foreldremøte om hausten. For nye barn har vi en samtale i forbindelse med oppstart. Vi vil gjerne ha beskjed om barnet er sjuk eller har fri. Alle må seie ifrå viss andre skal hente og viss ein får problem med å nå barnehagen i tide eks. v/ulukker. Måltid og drikke Smørelunsjen skal vere i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet og bli servert i samsvar med råd og regelverk frå Mattilsynet. Vi serverer havregraut, grovt brød, brunost, kvitost, fisk og egg, samt anna pålegg kvar veke. Barna får kvar dag tilbod om frukt og grønsaker.Av og til lagar vi annan mat, gjerne knytt til pedagogiske tema (Samefolkets dag, barna sitt julebord, fleirkulturelle veker, påske osb.). Barna har med seg drikkeflaske heimanfrå og får tilbod om mjølk i barnehagen.Om hausten haustar vi inn magiske grønsaker som vi planta om våren. Ein klumpete potet, perfekt slik han er, og ei skeiv gulrot – ja, ho er òg perfekt slik ho er 😊 Og tenk – vi har planta dei sjølve!!!Soving og kvilestund i barnehagenBarnehagen legg til rette for soving på småbarnsavdelingane og kvilestund på storbarnsavdelingane. Soving skjer i vogner på terrassen utanfor avdelingane. Vi nyttar sovevakt og har gode rutinar for soving på avdelingane.Kvilestunda føregår på madrass med lydbok eller musikk i samband med samling eller fruktmåltid. Kvilestunda er ei verdifull stund for avspenning, tankeflyt og for å la kroppen få kvile. Det finst ulike former for kvilestund, og personalet har ansvar for å tilpasse dette til alder og føresetnader hjå barna. BursdagsfeiringVi markerer fødselsdagen til barnet den dagen det har bursdag. Vi heng opp flagg, barna får krone, bursdagshelsing og sitje på bursdagsstol. Vi syng, skyt opp «rakettar» og har komplimentsirkel. Vi ønskjer ikkje kaker og is, men har auka fokus på barnet.Bursdagsinvitasjonar skal berre delast ut i barnehagen dersom heile gruppa blir invitert, eller dersom alle gutane eller alle jentene blir inviterte. Spør personalet dersom du er usikker. Hygiene, sjukdom og allergiar Alle skal vaske hender når dei kjem i barnehagen. Bruk overtrekksko/ta av deg på beina når du går inn i garderoben. Vi har fast handvask før kvart måltid ,etter å ha vert på do og når dei kjem inn etter uteleik. Personalet nyttar antibac/sprit til hendar og vasking av overflater regelmessig for å unngå smittespreiing. Dersom barnet ditt har allergiar er det viktig at vi får virte om det , slik at vi kan ta dei førehaldsreglane som trengs. Dersom barnet ditt har allergiar er det viktig at vi får virte om det , slik at vi kan ta dei førehaldsreglane som trengs. Sjuke barnSjuke barn skal ikkje vere i barnehagen, dei har det best heime. Dersom barnet har vært sjukt og trenger medisiner i ettertid, så gir vi dette. Da må dere gi oss fullmakt ved å fylle ut et skjema med tidsrom,navn på medisin,mengde, tidspunkt. Her finn du meir informasjon om sjukdom Fotografering barn/barnehagefesterDet er ein del foreldre som ikkje ønskjer at bilete av deira barn skal bli lagt ut på internett/Facebook/sosialmedia. På nettsida til Datatilsynet finn du meir informasjon om bilete av barn. Barnehagen ønskjer ikkje å ta ansvar for at bilete skal kome på avvege. FerieBarnehagane har feriestengd dei to siste vekene i juli. Kommunen tek betaling for 11 månader. Alle barn skal difor avvikla minst 4 veker ferie i løpet av året. Tre av ferievekene må avviklast samanhengande i tida 15. juni til 14. august, og må meldast på førehand til barnehagen innan 1. april. Den 4. ferieveka bør avviklast samanhengande og skal meldast til barnehagen to veker på førehand. Her kan du lesa meir om vedtekter for barnehagar i ØygardenForeldrebetalingForeldrebetaling i barnehage er regulert i «Forskrift om foreldrebetaling i barnehager». Maksimalgrensa for betaling vert fastsett av Stortinget. Kommunen har ulike moderasjonsordningar ut frå foreldre si inntekt og tal søsken som har barnehageplass.Redusert foreldrebetalingOrdninga gjeld for familiar eller hushald som har låg inntekt. Eit hushald skal ikkje betala meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein barnehageplass. Du må sjølv søkja i Vigilo, og søknad vert behandla ut frå hushaldet si samla inntekt.Her kan du lesa meir om redusert foreldrebetaling Sist endra 09.04.2026 07.19