Ofte drog barna på oppdagingsferd i Tussiskogen, der naturen inviterte til undring og leik. I skogen, på det varierte uteområdet i barnehagen og nede i fjæra lærte barna gjennom erfaring og glede. Dei fekk leike i dammar, kjenne vatn og søle, sanse naturen og oppleve fridom på kroppen.
Av og til køyrde ein magisk buss gjennom tunnelen og tok barna med til nye verdar. Utanfor øya dukka det mellom anna opp landsbyar laga av pepperkaker og hus fylte med bøker – bibliotek – der barna kunne bade i språk og forteljingar.
Når fredagen kom, vart barnehagen fylt av musikk og latter under den populære fredagsdiscoen. Små barneføter dansa, kne bøygde seg i takt, og det vart spinne piruettar i eit inkluderande fellesskap.
Inne hadde barnehagen trygge rom for leik, læring og kvile. Her kunne barna fordele seg på rom, finne ein leikekamerat eller vere saman med ein vaksen.
Dei vaksne var nære og aktive medspelarar som såg kvart enkelt barn. Dette såg dei på som ein viktig del av jobben sin, for i Bjorøy barnehage skulle alle barna bli både sett og høyrd. Med Fokusbarn i sentrum fekk alle barna kjenne seg viktige og verdifulle i fellesskapen, og at dei kunne medverke i eigen kvardag.
Gjennom Øygarden kommune si satsing TOG voks tryggleik, relasjonar og vennskap. Personalet vart meir kompetent i arbeidet sitt og jobba aktivt for at barna skulle kjenne seg inkluderte, og utvikla dermed sitt arbeidet med Fokusbarn som ein del av prosjektet.
Midt på dagen samla barna seg rundt bordet til lunsj. Der var det matglede gjennom tradisjonell og variert kost som gav både energi og gode samtalar. Grønsaker, fisk og egg – ja, til og med blodpannekaker – vart servert, i alle fall då Samefolkets dag vart markert.
Foreldra var viktige samarbeidspartnarar og bidrog til ein trygg kvardag. Dei deltok på foreldresamtalar og foreldremøte, og hadde representantar i barnehagen sitt samarbeidsutval.
Kvar månad utforska barna nye fagområde og delar av rammeplanen, som i eit levande eventyr. Dei opplevde livsmeistring, danning, læring, leik, utforsking, glede og sorg – ja, alt det livet kan by på. Dei eldste barna fekk vere med i Dinosaurskulen, der dei lærte mot, meistring og samhald.
Alle avdelingane utvikla planar for det pedagogiske innhaldet, og foreldra fekk informasjon og bilete gjennom Vigilo.
Slik vart Bjorøy barnehage ein stad der små augneblink vart til store minne.
Snipp, snapp, snute – så er dette eventyret slett ikkje ute.
Hjarteleg velkomen til oss – ta gjerne kontakt med styrar dersom du har spørsmål.
Meir informasjon finn du i barnehagens årsplan.
Foto