Skuleskyss

Retten til skuleskyss gjeld til/frå skuletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO).

Bussane går til same tid som tidlegere år om morgonen. Dei startar 09:25 måndag og 08:15 alle andre dagar.

Elevane sluttar 14:15 alle dagar utanom tysdag då dei sluttar 13:05.

Avstanden mellom skule og heim må overstiga:

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Les meir på Utdanningsdirektoratet.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring.

Sjå fullstendig skyssreglement for grunnskulen.

Kvar skal eg søke skuleskyss?

Søknad om skuleskyss til 1. og 8. trinn

Dersom du skal starte i 1. eller 8. klasse må du nytte dette skjemaet.

Søknad om skuleskyss til 1. og 8. trinn

Søknadsfrist: 18. februar 2025.

Innskriven elev

For elev som allereie er innskriven på barne- eller ungdomsskule, så må du søkje om skuleskyss i Vigilo foreldreportalen under menypunktet Søknader.

Søk om skuleskyss i Vigilo foreldreportal

Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.

Skulestart

Bussruter skulestart, måndagar

Bussruter skulestart, måndagar
RutenummerTid/StartRuteTid Tranevågen ungdomsskuleBuss
449Turøy 08.40Misje - Solsvik09.10Skulerute
449Fjell kyrkje 08.45Ulveset - Skålevik09.13Skulerute
449Syltøy 08.35Lokøy - Algerøy - Skålevik09.03Skulerute
449Åse 08.35Ulveset09.08Skulerute
449Ekren 08.30Nese - Knappskog09.07Skulerute

Bussruter skulestart, tysdag til fredag

Bussruter skulestart, tysdag til fredag
RutenummerTid/StartRuteTid Tranevågen ungdomsskuleBuss
449Turøy 07.20Misje - Solsvik07.50Skulerute
449Fjell kyrkje 07.40Ulveset - Skålevik08.05Skulerute
449Syltøy 07.25Lokøy - Algerøy - Skålevik08.05Skulerute
466Ekren 07.25Nese - Ulveset overg.Rutebuss/skulerute
449Åse 07.30Ulveset - KnappskogSkulerute
449Ulveset skule 07.40Knappskog08.03Skulerute
466 OvergangUlveset skule 07.40

Skuleslutt

Bussruter skuleslutt, alle dagar utanom tysdag

Bussruter skuleslutt, måndag, onsdag, torsdag og fredag
RutenummerTid frå TranevågenRuteBuss
44914.25Algerøy - Lokøy - SyltøySkulerute
44914.25Knappskog - Ulveset - Nesse - EkrenSkulerute
44914.25Skålevik - Åse - Ulveset - Fjell kyrkjeSkulerute
44914.25Knappskog - UlvesetSkulerute
44914.25Solsvik - Vindenes - TurøySkulerute

Bussruter skuleslutt, tysdag

Bussruter skuleslutt, tysdagar
RutenummerTid frå TranevågenRuteBuss
44913.15Nesse - EkrenSkulerute
44913.15Åse - Fjell kyrkjeSkulerute
44913.15Knappskog - UlvesetSkulerute
44913.15Algerøy - Syltøy - LokøySkulerute
44913.15Knappskog - UlvesetSkulerute
44913.15Solsvik - Vindenes - TurøySkulerute
46513.20Ågotnes term - Skålevik - UlvesetSkulerute