Søkja, endra eller seia opp SFO-plass

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med særskilte behov frå 1. til 7. klasse.

Har du barn med særskilte behov i 5. - 7. klasse? Tilbodet for denne gruppa er gratis dersom eleven har sakkyndig uttale, der hovuddiagnosen tilseier at det er til beste for eleven å ha plass i SFO. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Søknad om SFO-plass

Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt. 

Du søkjar SFO-plass i Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar. Tilbod om SFO-plass må svarast på i Vigilo foreldreportal før plassen er endeleg tildelt.

Søk SFO-plass i Vigilo foreldreportal

Oppseiing og endring av SFO-plass

Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Dersom ein seier opp FØR den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i neste månad. Men dersom ein seier opp ETTER den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i månaden etterpå (nesten 2 månader etterpå).

Endring eller oppseiing av SFO-plass søkjast via Vigilo foreldreportal under menypunket Søknadar.

Endring eller oppseiing av SFO-plass i Vigilo foreldreportal

Opningstid

Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gjeld berre Tjeldstø). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her

Ferie-SFO

Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO. Søknadsfrist er i høve vedtektene 4 veker før den aktuelle ferien.

Betaling for SFO-plass

Prisar per månad for SFO-plass.

SFO
Type plassAntall timarOpphaldstidPris 2025 for 1.- til og med 3. trinnPris 2025 for 4. trinn
Heil plass (gjeld berre Tjeldstø)5Kl 07.00-17.001 7683 400
Ordinær heil plass4,5Kl 07.00-16.301 4003 000
Redusert plass3,5Kl 07.00-15.307542 400
Etter skuletid (gjeld berre Tjeldstø)3,5Til kl 17.007542 400
Etter skuletid3Til kl 16.304202 100
Etter skuletid2,5Til kl 15.30701 750
Morgonopphald1,5Kl 07.00 til skulestartgratis1 000
Matpengar SFO115115
Dagplass365365
Enkelttimar9090
Kriseplass (per veke)870870
Ferie-SFO7501 000
For sein henting, per påbegynte halvtime320320

Søskenmoderasjon

  • Barn nr 2 - 30 %
  • Barn nr 3 og oppover - 50 %

NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken.

Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingar

Frå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at 1., 2. og 3. klassingar som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare.