Skulereglar og skuledemokrati
Vi ønskjer ei inkluderande skule i Øygarden kommune. Alle elvar skal vere ein del av eit fellesskap, og oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne føresetnadar og evner både fagleg og sosialt.
Skulereglane skal gi elevane trygge og føreseielege rammer å forhalde seg til, og seier noko om kva Øygarden kommune forventar av elevane på skulen. kvar skule kan ha lokale reglar i tillegg.
Forskrift om skulereglar og skuledemokrati
Samarbeidsutvalet (SU) i grunnskulen
Alle kommunale grunnskular i Øygarden kommune skal ha eit samarbeidsutval (SU). SU er eit rådgjevande organ som har rett til å uttale seg om alle saker som gjeld skulen, inkludert høyringsforslag som skulen mottek.
Retningsliner for Samarbeidsutvalet (SU) (PDF, 104 kB)
Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)
Alle kommunale grunnskular i Øygarden kommune skal ha eit arbeidsutval (Foreldrerådets arbeidsutval - FAU) som er velt av foreldrerådet på skulen. Alle foreldre som har barn på skulen, er automatisk med i foreldrerådet. FAU blir velta for å sikra at foreldra har ei stemme i skulen sitt arbeid og kan bidra til eit godt skulemiljø for elevane. FAU har rett til å uttala seg om alle saker som gjeld skulen.
Retningsliner for Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) (PDF, 104 kB)
Sist endra 05.09.2025 08.56