Innsyn og publisering av dokument
Øygarden kommune publiserer offentlege dokument i Acos Innsyn. Her finn du postlister, møtedokument, møteplan, sakslister og vedtak.
Postliste
Søk i den offentlege journalen til kommunen
Innhald i postliste
Postlista til Øygarden kommune viser innkomande og utgåande dokument. Kommunen legg ut dokument frå dei arkivdelane som er offentlege. Dokument som er unntatt offentlegheit etter lov, blir ikkje publisert. Nokre dokument kan vere synlege i lista, men ikkje tilgjengelege for nedlasting. Då må du be om innsyn.
Dokument unntatt offentlegheit og andre unntak
Dersom eit dokument er unntatt offentlegheit etter lov, viser vi berre nokre få opplysningar i postlista. Du får ikkje sjå innhaldet, men vi opplyser om lovheimelen for unntaket.
Nokre dokument som i hovudsak er offentlege, kan innehalde personsensitive opplysningar jfr. Offenlegforskrifta §7. Desse blir ikkje publisert i fulltekst, men du ser alle opplysningar.
Vil du bestille dokument? Sjå overskrifta «Innsyn» for rettleiing.
Når du sender brev eller e-post til kommunen
All post – både brev og e-post – blir journalført dersom ho er del av ei saksbehandling. Offentleg post blir vist i postlista (sjå unntak under «Innhald i postliste»).
Det betyr at brev eller e-post du har sendt til kommunen kan bli omtalt, sitert eller gjengitt i sin heilskap i avisa eller andre kanalar.
Hugs: Send aldri sensitive opplysningar i e-post. Informasjon du sender kan bli delt med personar som ikkje skal ha den.
Innsyn
Du kan be om innsyn i alle offentlege dokument. Også dei som ikkje er publisert i fulltekst.
Slik går du fram for å bestilla dokument:
- Klikk på det dokumentet du vil ha innsyn i.
- Nedst ser du teksten:
«Dokumentet er offentleg, men ikkje publisert. Be om innsyn.» - Klikk på knappen Be om innsyn.
- Du får opp ein oransje boks med teksten «Sjå over og send bestilling».
Trykk på denne og fyll ut skjemaet. - Innsynskravet blir sendt til postmottaket i Øygarden kommune.
Innsyn i dokument som er unntatt offentlegheit
Du kan be om innsyn sjølv om dokumentet ikkje er publisert. Kommunen vurderer om det kan gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).
Send innsynskrav pr e-post eller post:
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Post: Øygarden kommune, Dokumentsenter, Ternholmvegen 2, 5337 RONG
Hugs å oppgje: DokumentID, ArkivsakID, grunnlag for innsyn og avsendar.
Eit innsynskrav blir behandla individuelt av ein saksbehandlar. Vi ønskjer helst at kravet kjem skriftleg, men du kan òg be om innsyn munnleg, jfr. Offentleglova §28.
Fristar
Dersom du ikkje får svar på eit innsynskrav innan 5 dagar etter at kommunen har motteke førespurnaden, blir førespurnaden rekna som avslått. Du kan då senda klage til Statsforvaltaren, jfr. Offentleglova §32
Lenke til lov og rettleiar