Formål
Langtidsopphald skal sikra omfattande døgnkontinuerleg pleie- og omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast i eigen heim eller tilpassa bustad.
Målgruppe
Innbyggjarar med behov for varig og omfattande helse- og omsorgstenester av eit slikt omfang at langtidsopphald i institusjon er einaste tilbod som kan sikra faglege og forsvarlege tenester.
Langtidsopphald i sjukeheim skal helst vera eit tilbod til eldre. For yngre personar skal det søkjast å etablera eit alternativt tilbod i eigen heim (til dømes omsorgsbustad, bukollektiv eller liknande).
Skildring
Langtidsopphald er eit tilbod til deg som har eit varig behov for helsehjelp gjennom heile døgeret. Du får rom med bad og delar fellesareal med dei andre bebuarane i avdelinga. Helsepersonell er til stades heile døgeret og følgjer opp helsetilstanden i samarbeid med sjukeheimlege
Langtidsopphaldet består av individuell oppfølging med utgangspunkt i ressursane dine, som til dømes:
- rettleiing
- støtte og hjelp til å gjennomføra eigenomsorg
- hjelp til ernæring og personleg stell
- medisinsk oppfølging og behandling av tverrfagleg team
- tilrettelegging for sosial aktivitet
Kommunen har institusjonar med ulike tilbod.
Kriterium og vurdering
Langtidsopphald vert tildelt etter søknad frå deg eller pårørande/verge (samtykke). I dialog med deg vil vi kartleggja fysisk og psykisk funksjonsevne og dine behov og ynskje:
- Behov for varig og omfattande helse-/funksjonssvikt fysisk, mentalt eller kognitivt
- Vedtak om langtidsopphald vert gitt når andre tilbod er vurdert som ikkje å vera tilstrekkeleg for å dekke ditt behov for tenester
Nedanfor finn du døme som skal vera vurderte og/eller utprøvd før mogleg tildeling av langtidsopphald:
- Tryggleiksalarm, velferdsteknologi i heimen mm
- Tilrettelegging av bustad, eventuelt omsorgsbustad med tilbod om hjelp frå heimetenester gjennom døgnet
- Dagsenter
- Rullering av korttidsopphold/avlasting
- Medisinsk utgreiing
- Støttekontakt, omsorgsstønad
Ved tildelt plass, dersom ønskje ikkje er oppfylt, kan du eventuelt søkja om byte av plass.
Praktiske opplysningar
Inntaksnemnda fattar vedtak om opphald. Langtidsopphald kan verta tildelt ved ein sjukeheim eller ein bustad med heildøgns teneste. Du får tildelt plass der det er ledig i kommunen. Du kan søkja om overføring til annan institusjon.
Det er ikkje krav om å melde flytting til institusjonane, men for innbyggjar som ikkje lenger har tilknyting (gjenlevande ektefelle/sambuar/barn) til eigen bustad, er det ønskjeleg at flytting er meldt med tanke på postgang.
Pårørande blir så langt som mogleg bedne om å følgja til undersøking, behandling og timeavtalar utanfor institusjonen. Pårørande vert oppfordra til å bidra med sosialt samvær og aktivitetar.
Eigenbetaling
Ved langtidsopphald sjukeheim vert eigenbetaling for langtidsplass rekna ut frå grunnpensjonen frå folketrygda og anna inntekt.
Ved langtidsopphold omsorgsbustad med heildøgnsbemanning vert praktisk bistand/helsehjelp rekna ut frå grunnpensjonen frå folketrygda og anna inntekt.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket