Korttidsopphald

Eit korttidsopphald på sjukeheim er tidsavgrensa, og kan vara frå éin dag til fleire veker..

Ulike typar korttidsopphald

Slik søkjer du

I søknadsskjemaet skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt.  Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar.

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.

Digital søknad

Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:

Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Søknadsskjema på papir

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Prisar

8.2 Institusjonsopphald (per døgn)
GrunnlagGebyr 2025
DagsopphaldEtter forskrift
Frokost45
Korttidsopphald i institusjon / dagopphald: her følgjer kommunen forskrift om vederlag for opphald i institusjon. Årleg justert frå Helse og omsorgsdepartementet*Etter forskrift
Avlastning (denne tenesta er gratis)0
Suppe/dessert35
Varm middag pr porsjon120
Transport45

* Satsar er regulert i "Forskrift om eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester" §4. Nye satsar frå 1. januar 2020.

Sjukeheimar med korttidsopphald

Lover og reglar