Startlån til utbetring/tilpassing av bustadLytt til tekstenStopp avspillingHar du behov for utbetring eller tilpassing av bustaden din slik at du kan bli buande heime? Då kan du søkja om finansiering til dette via startlån i Øygarden kommune. Det er ein føresetnad at du ikkje får lån i ordinær bank.Kva kan du søkja om?Å tilpassa ein bustad inneber å gjera den eigna slik at du kan halda fram med å bu i bustaden, også dersom du eller eit heimebuande barn har nedsett funksjonsevne. Det blir gitt startlån berre til nødvendig utbetring av bustaden, ikkje til oppussing, eller normalt vedlikehald. Tilpassinga må vera hensiktsmessig og behovet for lånet blir vurdert i sin heilskap ut frå den økonomiske situasjonen for husstanden. Eksempel på kva du kan få startlån til:Betre tilkomst til bustaden Tilpassa badFjerne tersklarAndre endringar som er nødvendig for å kunna bli buande i bustadenKven kan søkja?Menneske med funksjonsnedsettingar/foreldre til barn med funksjonsnedsettingarEldre som ønskjer å utføra førebyggande tilpassingstiltak for å kunna bli buande heimeEktefelle, sambuarar og registrerte partnarar skal søkja saman. Ein kan ikkje søkja saman med venner eller andre familiemedlemmerKorleis søkjer du?Elektronisk IDHar du BankID, Buypass eller Commfides? Då søkjer du enkelt ved å følga lenka nedanfor. Har du spørsmål undervegs kan du kontakta oss per telefon for hjelp. Søk om startlån og tilskot (elektronisk søknad)Har du ikkje elektronisk ID må du kontakta kommunen for tilrettelagt søknad. Du treng då anten verge eller ein medhjelpar til å fylla ut søknad på dine vegner. Sist endra 08.10.2025 14.19