5 Opningstid, tilbod og ferie
Barnehageåret startar 15.august.
5.1 Opningstid
Barnehagane i Øygarden kan ha ope inntil 10 timer per dag. SU fastset opningstida innanfor tidsramma 06.30 – 17.00 etter årleg kartlegging.
I løpet av barnehageåret er barnehagen stengd 5 dagar, der personalet har planleggingsdagar. Planleggingsdagar kan ikkje reknast som ferie. Barnehagen held stengt helge– og høgtidsdagar, julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen open til kl 12.00.
5.2 Tilbod
Øygarden kommune tilbyr berre heiltidsplassar. Plassen kan nyttast etter foreldra sitt ønskje.
5.3 Ferie
Barnehagane har feriestengd dei to siste vekene i juli. Kommunen tek betaling for 11 månader. Alle barn skal difor avvikla minst 4 veker ferie i løpet av året. Tre av ferievekene må avviklast samanhengande i tida 15. juni til 14. august, og må meldast på førehand til barnehagen innan 1. april. Den 4. ferieveka bør avviklast samanhengande og skal meldast til barnehagen to veker på førehand.