2 Lov og regelverk
Barnehagen skal driftast i samsvar med Lov om barnehagar med føresegner som høyrer til, rammeplanen og retningsliner fastsett av Kunnskapsdepartementet, kommunale vedtak og plan for den einskilde barnehage.
For å sikra samarbeidet med heimen skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU). Foreldrerådet er alle foreldra i barnehagen. SU skal vera samansett av likt tal representantar frå foreldre og dei tilsette, jf. Lov om barnehagar § 4. Styrar i barnehagen er representant for eigar og sekretær for SU med møte-, tale og framleggsrett. Styrar har ansvar for at SU konstituerer seg.