6 Betaling
Foreldrebetaling
Barnehagen følgjer statlege satsar for makspris på foreldrebetaling. Foreldra skal ha ein månad skriftleg varsel om endring av betalingssatsar.
Søskenmoderasjon
Det vert gjeven 30 % søskenmoderasjon for barn nr 2. For barn nr. 3 m. fl. er barnehagen gratis.
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Ingen hushald skal betala meir enn 6% av bruttoinntekta si for ein barnehageplass. Dersom ein har låg betalingsevne kan ein søkja kommunen om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid jmf forskrift om foreldrebetaling i barnehagar § 3. Denne ordninga er søknadsbasert.
Betaling
Kommunen tek betaling for 11 månader, det er betalingsfri i juli. Betaling skjer ved forfall den siste i kvar månad, og gjeld heile betalingsperioden sjølv om plassen ikkje vert nytta fullt ut.
Manglande betaling
Manglande betaling kan gje grunnlag for oppseiing av barnehageplassen. Ved overgang til nytt barnehageår kan det få konsekvensar for barnehageplassen dersom ein har restanse til Øygarden kommune. Det same gjeld ved overgang til SFO.
For sein henting – gebyr
Dersom barnet vert henta for seint i barnehagen må foreldra betala eit gebyr per påbyrja halvtime per barn. Unnatak for særskilde situasjonar. Sum vert fastsett av kommunestyret.
Kostpengar
Det vert servert mat i barnehagane. Betaling for mat kjem i tillegg til foreldrebetalinga og skal skje etter sjølvkostprinsippet. Sum vert fastsett av kommunestyret.