Tenesta rettar seg mot barn og unge med milde til moderate psykiske vanskar via konsultasjon, grupper, kurs og rettleiing. Vi jobbar i tillegg med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skape gode helsefremjande arenaer for barn og unge.
Tilbod
- Kortvarig behandlingstilbod for barn og unge etter tilvising frå helsesjukepleiar/skulelege eller fastlege. 
 - Lågterskel konsultasjonstilbod for foreldre og barn 0-12 år, etter avtale med helsesjukepleiar på Helsestasjon (Straume, Ågotnes, Rong og Skogsvåg).
 
Drop-in-kurs
Regelmessige kurs (drop-in) om ulike tema, som «Korleis støtte sinte barn», «Korleis støtte engstelege barn» og «Kurs om søvn for barn 0-5 år». Info om kursene kommer i kommunens kanaler.
Regelmessige gruppekurs: 
- Cool kids angstmeistringsgruppe for familier med barn 1.-4. klasse
 - Cool kids angstmeistringsgruppe for barn 5.-7. klasse
 - Chilled angstmeistringsgruppe for ungdom 8.-10. klasse
 - «De utrolige årene» (DUA) førebyggjande foreldrekurs  
 
Vi deltar i: 
- Nærversteam
 - BTI-Tverrfagleg drøftingsteam
 - Vald og overgrepsteam
 
Slik søkjer du
Ta kontakt med helsestasjon, skulehelsetenesta eller fastlege for tilvising. 
For meir info, ring kommunen på 56 16 00 00.
Prisar
Tenesta er gratis.