Arbeider for god overgang frå barnehage til skuleÅ slutte i barnehage for så å starta på skulen, er ein av dei store overgangane i eit barns liv. Nokon gler seg, andre gruer seg og nokre gjer kanskje begge delar, gru-gler seg. Sist veke var dette temaet for ei samling i regi av Språkkommunen.Frå samlinga i kultursalen i Øygarden rådhus 22. oktober.Gode prosedyrar for overgangen mellom barnehage til barneskulen er viktig for å skapa tryggleik og ein god skulestart. Språkkommunen Øygarden ønskjer å leggja til rette for gode prosedyrar for overgang mellom barnehage og skule slik at skulestarten blir trygg og god. Møtepunkt mellom pedagogar og leiing i barnehage og skule er viktig for å få kunnskap om kvarandre sin pedagogikk og metodikk. Kulturmøte blir slike møtepunkt gjerne kalla. Onsdag 22.oktober 2025 var om lag 60 pedagogar og leiing frå barnehage og barneskule samla til overgangsnettverk i kultursalen på rådhuset. Høgskulen på Vestlandet, som er Språkkommunen sin høgskule-partnar, snakka klokt og viktig om leiken sin eigenverdi under overskrifta: « Frå barnehage til skule- med leiken i fokus». Tilhøyrarane fekk høyra fine praksisforteljingar frå Naustvika barnehage, Ågotnes skule og Skogsvåg skule. Årshjulet for overgang mellom barnehage og skule skal reviderast, og med gode tilbakemeldingar frå dei som jobbar i barnehage og skule, kan Språkkommunen snart leggja fram eit oppdatert årshjul for overgang.Tekst og foto: Ranveig Bungum, Avdelingsleiar pedagogisk psykologisk ressurssenter Publisert 31.10.2025 15.44
Arbeider for god overgang frå barnehage til skule Å slutte i barnehage for så å starta på skulen, er ein av dei store overgangane i eit barns liv. Nokon gler seg, andre gruer seg og nokre gjer kanskje ...
Digg læring konferansen blir arrangert på Knappskog skule 7.november. Digg læring konferansen blir arrangert på Knappskog skule 7.november. Tema for årets konferanse er lesing, språk og god bruk av digitale verktøy og KI...
Fjell Ungdomsskule i samarbeid med forskar frå UIB På Fjell ungdomsskule har dei sett munnleg grunnleggande ferdigheit under lupa. Det gjer skulen saman med Universitet i Bergen og forskar Anne Grete K...
Natur, leik, fellesskap og inkludering i Knappskog barnehage I Knappskog barnehage har dei natur og leik, fellesskap og inkludering som byggesteinar i arbeidet med språk og språkforståing.
Øygarden Syngande kommune, vil du også bli med? Øygarden har vore Syngande kommune i 1,5 år og har kome halvvegs i perioden vi har fått frå organisasjonen «Krafttak for sang». Frå dei får vi litt pe...
Sommarles.no - Noregs kulaste lesekampanje Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2025 er og velkomne til å bli med på Sommarles.no
Språkkommunen Øygarden inviterer til fagsamling for skule og barnehage Fagsamling for pedagogar og leiarar i skule og barnehage
Les med meg «Les med meg!» er eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteket i Øygarden, og Toftøy barnehage