Skulemiljøutval (SMU)

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vera skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer somskolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at deisamla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.

MØTEPLAN FOR SU 25-26: 

Torsdag 06.11 kl.18.30-19.30 og torsdag 09.04 kl.18.30-20.00

Representantar 2025-26

  • Rektor: Ingrid Helene Bildøy Hestad
  • Politikar: Symphorien Pombe
  • Foreldre: Kristine Andersen
  • Foreldre: Martin Hufthammer 
  • Elevrådsrepresentantar: Tobias og Oliver
  • Tilsette: Beate Erstad Høyland, Åsgeir Litlere

Referat