
Våre hovedsatsingsområder er leik, språk og at alle barn har ein god barnehagekvardag. Vi arbeider med å fremme gode leike moglegheiter, med fokus på leikemiljø og aktive vaksne i leik. For å styrke barnas livsmestring og helse har dei vaksne fokus på å skape gode relasjonar i eit godt og trygt barnehagemiljø. For oss er det viktig at alle barn har ein god barndom fylt med glede, latter, vennskap og meistring.
Visjon
Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra.
Avdelingar
Vi har fire avdelingar barnehageåret 2025-2026.
- Hiet - småbarnsavdeling 0-2 år
- Bikuben - barn frå 3-5 år
- Marihøna - barn frå 3-6 år
- Maurtua - barn frå 3-6 år
Barnehagen sine mål
- Barnehagen skal ha eit inkluderande miljø prega av tryggleik og trivsel.
- Barna skal få ulike utfordringar tilpassa den enkelte sine føresetnader.
- Personalet skal legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette, interne og eksterne aktørar.
- Barna skal få uttrykkje sitt syn på barnehagens daglige verksemd og medverke til eigen kvardag.
- Barna skal få kjennskap til sitt lokalmiljø.
- Barna skal oppleve naturen og få undre seg over den.
- Personalet er ein del av eit stimulerande læringsmiljø med fokus på nytenking og utvikling.
Dokumentasjon
Rammeplanen seier at barnehagen jamleg skal vurdere det pedagogiske arbeidet. Barnets trivsel og allsidig utvikling skal observeras og vurderas fortløypande og barnets erfaringar og synspunkt skal inngå i vurderingsarbeidet.
Pedagogar gjennomfører startsamtale med alle foreldre til nye barn. Vi tilbyr ein foreldresamtale i året og elles etter behov i løpet av barnehageåret. Vi har barneintervju med dei eldste (frå barnet er ca. 3 år) og gode observasjonar av dei yngste.
Dokumentasjon skal sikre at brukarane får innsyn i det pedagogiske arbeidet. Personalet brukar dokumentasjon som grunnlag for samtale og refleksjon omkring pedagogisk praksis. Dokumentasjon skal gje informasjon om kva barn opplever, lærer og gjer i barnehagen. Trivsel og utviklinga til barnegruppa og det enkelte barnet skal observerast og vurderast fortløpande.
Dei tilsette dokumenterer innhaldet i kvardagen gjennom prosjektdokumentasjon, barna sine eigne uttrykk, «plan for vurderingsarbeid», plakatar, månadspost/brev i Vigilo. Det skapar avklaringar og gjev grunnlag for vidare arbeid.
Foreldre og tilsette skal vurdera barnehagen gjennom brukarundersøkingar og medarbeidarundersøkingar. Vurderingane skal brukast som grunnlag for den vidare planlegginga i
barnehagen. Årsplanen er òg eit utgangspunkt for foreldra til å kunne påverka innhaldet i barnehagen.
Fotogalleri