Stemma på valdagen

Måndag 8. september er det stortingsval. Som innbyggar i kommunen kan du stemma ved kva som helst av dei 12 ulike vallokala våre mellom kl. 09.00 - 21.00. 

NB! Ein kan ikkje stemma på valdagen til sametingsvalet.

Kart med oversikt over stemmelokale på valdagen - Klikk for stort bilete

Bruk heile opningstida

Det er vanlegvis mange som stemmer på ettermiddagen, etter jobb, så stem gjerne på andre tidspunkt dersom du har høve til det. Då unngår du kø både i vallokalet, på vegane, og når du eventuelt skal parkera.

Det er parkeringsplass utanfor eller i nærleiken av alle vallokala våre.

Lett tilgang for alle

Vallokala er universelt utforma og har eige avlukke som er lagt til rette for rullestolbrukarar, blinde og svaksynte. 

På valdagen kan du stemma i kva som helst av vallokala i kommunen. Det er berre innbyggjarar i kommunen som kan stemma i vallokala våre på valdagen.

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (t.d. pass, førarkort (også digitalt), nasjonalt ID-kort eller bankkort med bilete). 

Oversikt over vallokale på valdagen 8. september

Vallokale i Øygarden kommune
KrinsVallokale
01 StrandaStranda skule/hallen
02 SpildepollenSpildehallen
03 SkogsvågSundhallen
05 Ulveset/SkålevikUlveset skule - gymsalen
06 KolltveitBildøyhallen
07 Bjorøy/TyssøyBjorøy skule - gymsalen
08 BrattholmenBrattholmen skule - gymsalen
09 HjelteryggenHjelteryggen skule - gymsalen
10 FoldnesFoldnes skule - gymsalen
11 ÅgotnesÅgotneshallen
12 RongHjeltefjorden Arena
13 TjeldstøTjeldstø skule - gymsalen