Om næringsutvikling i Øygarden

Øygarden kommune er ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar – eit fyrtårn i vest. Vi legg til rette for berekraftig verdiskaping og grøn omstilling, med sterke satsingar innan energi, karbonfangst, hydrogenproduksjon og blågrøn innovasjon. Energiparken og Northern Lights er døme på korleis Øygarden går føre i det grøne skiftet.

Northern Lights - Klikk for stort bileteNorthern Lights Ruben Soltvedt NLJV

Som kommune med lengst kystlinje i Vestland fylke, har vi eit unikt utgangspunkt for marin og maritim utvikling. Vi arbeider aktivt for å styrka næringslivet i heile kommunen – frå lokale bedrifter og landbruk til internasjonale etableringar. Kort avstand til Bergen sentrum og Bergen Lufthavn Flesland, men òg kommunane rundt oss gjer mange moglegheiter! Samen kan vi gjere Vestland til ein region for utvikling, vekst og innovasjon. 

Gjennom tett samarbeid med næringslivet, utdanningsmiljø og offentlege aktørar, utviklar vi Øygarden som ein attraktiv kommune for etablering, innovasjon og inkluderande arbeidsliv. Straume er vårt regionale kraftsenter, med nærleik til Bergen og god tilgang på kompetanse.

Vi jobbar for å: 

  • stimulera og leggja til rette for utvikling i både privat og offentleg næring i Øygarden kommune.
  • bidra til etablering av nye arbeidsplassar i regionen, samt vidareutvikla dei eksisterande. 
  • leggja til rette for nytt næringsliv og gjera regionen attraktiv med innovative arbeidsplassar og dyktige innbyggjarar.

Har du ei bedrift, eller ønskjer du å etablera deg i Øygarden? Vi står klare til å hjelpa deg med rettleiing, nettverk og gode vilkår for utvikling.

Nye Sotrasambandet er under bygging og den nye brua med 4-feltsveg vil stå ferdig i 2027. Sambandet, som skal stå heilt ferdig i 2028, vil gje ein reisetid frå Straume til Bergen sentrum på 12-15 minuttar.  Les gjerne meir her: SotraLink

I Øygarden kommune er vi opptatt av grøn næringsutvikling og samarbeid på tvers av aktørar. Grøn Region Vestland si satsing på hubb`ar er viktig i dette arbeidet. Vi er stolte over å ha to aktive hubbar: Energiparken og Ågotnes Maritime Cluster. Vidare har vi to runner-up hubbar: Skaganeset og Marin Eide som begge ligg under Team Bio. Ønsker du meir informasjon om dette, ta gjerne kontakt med oss. Les gjerne meir her: Grøn Region Vestland