TryggEst - vern for risikoutsette vaksne

TryggEst skal bidra til å førebyggja, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne som kan vera i ein sårbar livssituasjon. 

Opplever du vald eller overgrep – eller er du bekymra for at nokon du kjenner vert utsett for dette?

Da kan du kontakta TryggEst-teamet i Øygarden kommune for råd, rettleiing og hjelp. Du kan også ta kontakt anonymt.

Telefon: 56 16 08 00
Kvardager kl. 08.30 – 15.00

Ved akutt fare, ring 112 (politi) eller 113 (helsehjelp). 

Hva er TryggEst?

Øygarden kommune er ein TryggEst-kommune. TryggEst er ein nasjonal modell utvikla av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for å førebyggja, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne som i liten eller ingen grad klarer å verna seg sjølv. Les meir om TryggEst på bufdir.no.

Kven er sårbare vaksne?

Sårbare og risikoutsette vaksne er meir utsette for vald og overgrep enn andre. Valden kan vera fysisk, psykisk, seksuell, økonomisk, eller det kan vera omsorgssvikt/svikt. Personar med for eksempel funksjonsnedsetjing, høg alder, utviklingshemming, rusproblem, psykiske utfordringar eller annan sjukdom, kan vera særleg utsett.

TryggEst vender seg først og fremst til den risikoutsette, men også til tilsette i kommunen, pårørande og vener av den risikoutsette. TryggEst skal gjera det enklare å ta kontakt og seinka terskelen for å melda frå om bekymring.

Kva kan TryggEst hjelpa med?

  • gje råd og rettleiing til innbyggjarar og tilsette
  • drøfta bekymringar og vurdera tiltak
  • hjelpa utsette personar med å finna trygge løysingar
  • informera om andre relevante hjelpeinstansar

Du treng ikkje vera sikker på at det føregår noko ulovleg for å ta kontakt.  Det er nok at du er bekymra. Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpa. 

Kven er TryggEst-teamet i Øygarden?

Teamet består av fagpersonar med kompetanse innan blant anna:

  • Psykisk helse og rus
  • Helse- og omsorgstenester
  • Oppvekst
  • NAV
  • Flyktning- og integreringstenesta

Teamet samarbeider tett med andre tenester i kommunen og vurderer korleis ein best kan hjelpa personar som er i risiko for vald, overgrep eller utnytting.

Andre hjelpetilbod ved akutte hendingar.  

Du kan vera anonym når du ringjer.

Saman skapar vi tryggleik. Vald og overgrep kan ramma kven som helst. TryggEst er her for deg – ta kontakt.