Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på speleglede, og at borna skal bli kjent med og glad i musikk., Vi er innom Songar, regler, dans, trommer og andre instrument. Her er det noko for alle, tilrettelagt etter alder og modning.
Vi håper dette vert med på å stimulera til gleda over musikk, og at det kan skapa grunnlag for framtidig kulturdeltaking.
Praktisk info
Vi ønsker gjerne at foreldre/føresette er ein del av undervisninga saman med sine born. De kan gjerne ha småsøsken med, men det er borna som deltek i undervisninga som skal ha fokus i denne musikkstunda.
Dette er eit variert musikktilbod for barn i barnehagealder. Er det nok søkarar, deler vi i aldersbestemte grupper. Meld barnet på til 2–5 år, så finn vi den gruppa som passar best.
Tid | Stad
Tidspunkt: Torsdagar kl 16.30 - 17.15
Stad: Liljevatnet, Allegretto 230
Tidspunkt: Torsdagar kl 17.15 - 18.00
Stad: Liljevatnet, Allegretto 230
Søk om plass