Produksjon og låtskriving kortkurs i haustferien

Øygarden kulturskule inviterer ungdom frå 13 til 20 år til produksjon og låtskrivingskurs hausten 2025.

Kurset er organisert som seminar i haustferien i tillegg til 4 fredagsøkter etter haustferien.

Noteark - Klikk for stort bileteNoteark Kjartan Fjordheim

Produksjon og låtskriving handlar om korleis eit musikkstykke/låt blir til, frå idé til framsyning eller innspeling, via idemyldring, arbeid med tekst og melodi, til instrumentering, opptaksteknikk og lydteknikk.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på å skapa og jobba med musikalske idear og eigne tekstar, og korleis desse vert sett saman til det vi kan kalla ei låt.

Låta skal deretter klinga bra for eit publikum, anten det er dei heime eller fleire tusen tilhøyrarar på ein stor konsertarena.

Praktisk info

Kurset er organisert som kortkurs, og det er ikkje mogleg å re-registrera seg på dette kurset.

Det er viktig at du kan spela piano eller gitar, i tillegg til song.

Det er ikkje ein føresetnad at du går i kulturskulen frå før.

Kurset er retta mot ungdom i alderen 13-20 år.

Tid | Stad

Liljevatnet, Allegretto

Fredagskurs:

Fredagar kl 16.00 - 20.00

Kursdatoar: 17.10, 24.10, 14.11 og 21.11 (merk ikkje kurs 31.10 og 7.11).

Haustferieseminar:

Onsdag 08.10 kl 10.00 - 16.00

Torsdag 09.10 kl 10.00 - 16.00

Fredag 10.10 kl 10.00 - 16.00

Lærar

Lærar er Camilla Norderud, som under artistnamnet Camilla North har lang erfaring med låtproduksjon, både til eige bruk og for andre artistar.

Pris

Eigenandel for kurset er på 1800,- kr.