Send inn tips og råd til idébanken!

Øygarden kommune vil gjerne fornya og forbetra dei kommunale tenestene. Difor er det no oppretta ein idébank som samlar gode tips om korleis kommunen kan realisera målet om at Øygarden skal vera ein god kommune å bu og arbeida i.

Illustrasjon for idébanken - Klikk for stort bilete

Dersom du vil bidra til idébanken, sender du inn tipsa og råda dine i eit elektronisk skjema utan å logga deg på. 

Du får ikkje svar på dine innspel, men alt vert lese og tekne med i arbeidet med å utvikla tenestene i Øygarden kommune.

Ver merksam på at dersom du vil senda inn informasjon om ei pågåande sak, eller har eit spørsmål du ønskjer svar på, skal du ikkje bruka idébanken (dette skjemaet). Då brukar du eDialog, e-post eller kontaktinformasjonen på nettsida under den aktuelle tenesta.

Send inn tips og råd til idébanken