Samarbeidsutvalet kan sjølv vera skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer somskolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at deisamla får fleirtal.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 12.
Møtedatoar 2025-2026
- Onsdag 10. september, kl. 18.30-19.30
- Onsdag 19. november, kl. 17.30-18.30
- Onsdag 18. februar, kl. 17.30-18.30
- Onsdag 15. april, kl. 17.30-18.30
- Onsdag 3. juni, kl. 17.30-18.30
Representantar
- Cecilie Antonsen (lærar småtrinn)
- Aina Kolstand (lærar mellomtrinn)
- Anne Merete Tøssebro (SFO-leiar)
- Malene Lyngbø-Toftevåg (leiar elevrådet)
- Olav Skutle Lie (nestleiar elevrådet)
- Ane Monsen Rong (leiar FAU)
- Anja Stigen Mikkelsen (nestleiar FAU)
Referat