Praktisk informasjon

Barnehagen opnar kl 07.00 og stengjer kl 16.45. Kvar morgon og ettermiddag samarbeider avdelingane på tvers. Det er viktig at barnet blir følgd inn på avdelinga og seier frå når dei kjem og tar farvel om ettermiddagen. Barnehagen må få beskjed om det er andre som hentar barnet enn foreldre/føresette.

Dagsrytma i barnehagen er eit fast haldepunkt som gjer dagane føreseieleg for barna, det gjer tryggleik og er deira høve til å ha oversikt over tida. Det skapar også gode arbeidsforhold for det pedagogiske arbeidet på avdelingane. Dagsrytmen varierer litt frå avdeling til avdeling. 

Uteområde i Ågotnes barnehage - Klikk for stort bilete

Dagen vår

Dagen vår
KlokkeslettAktivitet
07.00 - 08.00Barnehagen opnar. Roleg leik på avdelingane (Avdelingar samarbeider i start og slutt på dagen)
08.15 - 08.45Frukost – barna har med seg eigen mat. Barnehagen serverer drikke
09.30 - 11.30Organiserte aktivitetar, samlingsstund, leikegrupper, prosjektarbeid, uteleik, turgrupper
10.00 - 11.00Dinoskule/prosjektgrupper (onsdag og torsdag 10.00-11.00 i Bygg A, tirsdag og onsdag 10.00-11.00) i bygg B
11.15 - 11.45Lunsj – barnehagen serverer lunsj. Varmlunsj to dagar i veka. (Ulik dag frå avdeling til avdeling)
11.45Sovetid for dei minste barna
12.00Kvilestund mellomgruppa ved behov
12.00 - 12.30Påkledning for dei eldste
12.30 - 14.30Uteleik/inneleik
14.15 - 14.30Kvilestund på stor avdeling etter behov
14.00Fruktmåltid for småbarnsavdelingane, barnehagen serverer frukt og brødmat
14.30 - 15.00Fruktmåltid for avdelingane med store barn – barnehagen serverer frukt og brødmat (ein dag i veka serverer barnehagen yoghurt)
15.00 - 16.30Roleg aktivitet på avdelingane eller utetid. Avdelingar samarbeider om morgonen og ettermiddag
16.30 - 16.45Uteleik på uteleikeplassen til bygg B (vi tar sekker og klede med oss opp til bygg B og samlast siste kvarteret

Nyttig informasjon