Prosjekt Døropnar

For å bekjempe ulikhet i verda må alle ha jobb. For at det skal kunne skje må vi skape ein rettferdig økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Det betyr at vi må inkludera fleire inn i arbeidslivet. 

Personar som i dag står utanfor arbeidslivet skal få ein sjanse. Gjennom prosjektet skal verksemdene få informasjon om korleis og kvifor deira verksemd bør inkludere. 

Bak Inkluderingsprosjektet står sentrale arbeidsmarknadsaktøra som Øygarden Næringsutvikling, Trigger, Nav, Live2Learn, Vest Næringsråd og Vekstportalen. 

For å kjempe mot ulikskap i verda må alle ha jobb. For at det skal kunne skje må vi skape ein rettferdig økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Det betyr at vi må inkludera dei unge, minoritetar og personar med særskilte utfordringar i arbeidsmarknaden. Vi må sørge for fast jobb og trygt arbeidsliv, står det mellom anna i FNs berekraftsmål. Inkluderingsprosjektet sitt mål går hand i hand med FNs berekraftsmål. Gjennom prosjektet vil vi skapa forståing for kva inkluderande næringsliv betyr, og opplysa verksemdene i Øygarden Kommune om korleis dei kan ta samfunnsansvar ved å sysselsette unge, minoritetar og personar med særskilte utfordringar. Det handlar om at vi saman kan byggje ein identitet om at den nye storkommunen er ein fin plass å bu, leva og arbeida for alle. Difor er inkludering eit så viktig tema. Formålet er å sette fokus på de som er flytta bakerst i køen til arbeidslivet, slik at dei får ein sjanse

Spørjeskjema om Inkludering 

Inkluderingsprosjekt døropnar går ut på at aktørane Trigger, Nav, Live2Learn, Vest Næringsråd, Øygarden Næringsutvikling og Vekstportalen saman skal spreie bodskapen om å skape meir og inkludere fleire.

Vi har henta inn data frå over 60 bedrifter i Øygarden, som har svart på mellom anna kvifor dei ikkje inkluderar personar med særskilte utfordingar og kva som skal til for at bedrifta inkluderar personer med særskilte utfordringar.

Det største funnet var at bedriftene ønsker meir informasjon om tiltak og lærlingordninga, samt tettare oppfølging.

På bakgrunn at bedriftene ønskjer meir informasjon har vi valt å slå eit slag for inkludering og arrangere:

DØROPNAR -Konferanse om inkludering 

Konferansen vil vere ein arena der verksemdene får ein kontaktpersonen som de kan ta kontakt med ved spørsmål, samt få relevant informasjon og inspirerande foredrag 

 

Ønskje di verksemd å delta i inkluderingarbeidet? 

Meld deg på vår konferanse den 23. september eller ta kontakt med sirianne@vnr.no

 

 

Skap meir, inkluder fleire

Flest mogleg er i arbeid er viktig for samfunnsøkonomien, men også viktig for det einskilde individ. Å vera i arbeid er for dei fleste helsefremjande. Arbeidsplassen er også ein sentral arena for integrering, sosialisering og deltaking i samfunnet. Det er viktig for verksemdene som har behov for variert arbeidskraft. 

I eit samfunnsperspektiv er det vesentleg fordi ein høg grad av utanforskap, sjukefråvær og uførepensjon ikkje er berekraftig i lengda, verken økonomisk eller sosialt. 

 

 

 

Meir om inkludering i næringslivet 

Her kan du lese heile saka om om Kjersti som gekk frå blomster-dekoratør til kranfører og Kristoffer, som begge fekk jobb hos Zinken. Les saka her 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Behovet for fagarbeidarar er ekstra merkbart når grensene er stengde. Les saka her