Permitering og sjukefråver

Permittering

11. januar kom regjeringa med pressemelding som foreslår å forlenge permitteringsperioden fram til 1.juni.

Regjeringa ser eit behov å forlenga permitteringsperioden, slik at verksemder unngår å måtte sei opp tilsette. Dette vil gjera det lettare for verksemdene å ta tilsette tilbake i arbeid når aktivitetsnivået er tilbake til normalt.

Nødvendige tiltak vert vurdert fortløpande. Difor er det mogleg at permitteringsperioden vert forlenga ytterlegare.

Sjukefråvær og sjukepengar

Som arbeidsgjevar har du ansvar for å følgje opp sjukmeldte og forebyggje sjukefråvær. Når arbeidstakar vert sjuk, har både arbeidstakaren og du som arbeidsgjevar eit ansvar. Ved sjukefråvær som er relatert til covid-19-pandemien får arbeidsgjevar refusjon frå og med fjerde sjukedag. Dette gjeld dersom arbeidstakar er smitta, mistenkt smitta eller i pålagt karantene. Les meir sjukefråvær og sjukepengar

Nye reglar for arbeidstakar og arbeidsgjevar

På grunn av situasjonen med koronaviruset er det komen ei rekke endringar for både arbeidstakar og arbeidsgjevar. Endringane gjeld blant anna permittering, dagpengar, sjukt-barn-dagar, sjukefråvær og eigenmelding. Her finn du ein oversikt over endringane. Les meir om dei nye reglane

Sjukefråvær og oppfølging

Når ein arbeidstakar er vorte sjukemeldt, er målet å legge til rette for at arbeidstakar kjem tilbake til jobb. Arbeidsgjevar har ansvaret for å leggje til rette for dette. Arbeidsgjevaren skal også forebyggje at nye arbeidsrelaterte sjukefråvær oppstår. Les meir om sjukefravær og oppfølging 

Folkehelseinstituttet

Her finner du vekesrapport om koronaviruset og covid-19-epidemien i Noreg.

Psykiskhelse på arbeidsplassen

Fleire arbeidstakarar har den siste tida vore nødd til å nytta heimekontor. Dette kan ha stor påkjenning for enkelte. Spesielt for de som har nytta heimekontor over lengre periodar. Sjå til at dine kollegaer har godt arbeidsmiljø på heimekontoret.

Arbeidskvardagen gjer både struktur i kvardagen, sikrar økonomien, gjer meining for dagane og bidreg til å betre sjølvbilete. 

For fleire er ikkje kvardagen den same. Kontorpulten er bytta ut med kjøkkenbord, møter er bytta ut med Teams-og Zoom møter. Den sosiale lunsjen er bytta ut med lunsj åleine, og  dressbuksa er bytta ut med joggebukse. 

Kvardagen er ikkje den same, difor må vi sjå lengre enn oss sjølve for å hjelpe dei vi har rundt oss gjennom pandemien.

I følge HelseNorge er det dette som gjer oss langtidsfriske.

Skal sjukefråværet halde seg lågt og talet på langtidsfriske høgt, er det nokre ting som er viktige for alle:

  • Innverknad på arbeidssituasjonen.
  • Å kjenne at ein blir sett, høyrd og verdsett.
  • Å oppleve at arbeidet er meiningsfylt.
  • Tryggleik og ein føreseieleg arbeidsdag.
  • Sosial støtte.
  • Passeleg utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Nok tid og rett kompetanse til å utføre oppgåvene.
  • Å vere ein del av eit positivt arbeidsmiljø.

Sist men ikkje minst på lista over står arbeidsmiljøet. Arbeidsmiljø er knytt til korleis ein organiserer, planlegg og gjennomførar arbeidet. Alle arbeidsplassar er forskjellige og har forskjellige arbeidsmiljøutfordringar. Arbeidsmiljø har stor betydning for den tilsette si helse, trivsel og produktivitet. Difor er det nødvendig med tilpassing.