Arbeidsmiljø

Visste du at arbeidsmiljølova også gjeld på heimekontor?

Arbeidsgiver har ansvar for at tilhøva også på heimekontoret er forsvarlege. Arbeidsgjevar bør difor gjere det dei kan for at arbeidssituasjonen ikkje fører til plager, skader eller sjukdom.

Smittesituasjonen i Noreg er i utvikling, og Folkehelseinstituttet har heile tida oppdatert informasjon frå norske helsestyresmakter om koronaviruset her!

Du kan vere med på å skapa godt arbeidmiljø

Det er fleire bidrag ein kan gjere for å skape godt arbeidsmiljø. Alle kan påverka eiga og andre sin arbeidskvardag ved å ta initiativ og foreslå forbetringar dersom du ser behov. 

  • Snakk med folk, ikkje om folk. Den gode fellesskapskjensla, vi-kjensa er viktig kjenneteikn på sunt og godt arbeidsmiljø
  • Ta initiativ ved å ta den ekstra telefonsamtalen til din kollega som kanskje kun har behov for ein samtale. Snakk med leiar og kollegaer om det som er vanskeleg for å skape open og god dialog. Ta deg tid til dei rundt deg og vis støtte.
  • Del din kunnskap, tips og råd med kollegaer. Gje ros, anerkjenning og tilbakemelding på arbeide til dine kollegaer. Dette gjer dei flinkare, samt oppfatta meistring for arbeidet som er gjort.
  • Sjølv om arbeidskvardagen er endra kan ein skape nye rutinar på heimekontor. Dette kan vera å stå opp til vanleg tid, lag vanleg frukost, ta på vanleg arbeidstøy og planlegge faste morgonmøte. Det bidreg til å halde produktivitet oppe gjennom heile dagen, og til å enklare skille mellom jobb og fritid. 

Hjelp kollegaer som ikkje har det bra

​Alle har også eit ansvar for å bry seg når en kollega har det vanskeleg. Gjer så godt du kan, gjer uansett eit forsøk. Her er nokre råd:

  • Finn eit høve til å spørje korleis ho eller han eigentleg har det.
  • Det er betre å spørje ein gong for mykje enn ein gong for lite.
  • Set av tid til å snakke om problema og skap trygge rammer rundt samtalen.
  • Ver ein god lyttar.
  • Ver eit medmenneske og bruk din mellommenneskelege kompetanse.
  • Fortel korleis du sjølv opplever at personen fungerer, på ein positiv måte.
  • Vis at det er plass til vedkomande også når ho eller han ikkje strekk til.
  • Hald kontakt med personen, sjølv om ho eller han har fråvær og blir sjukmeld. 

#1omdagen 

Det å kome seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Difor lanserer Norsk Friluftsliv kampanjen #1omdagen, der det norske folk oppfordrast til å kome seg ut av døra minst ein gong om dagen.

Bli med du òg!

Les meir om #1omdagen her