Kva yrker treng fleire folk? Kor trengs fleire lærlingar? Kva utdanning krev framtida?

Fylkeskommunen leier arbeidet med Kompetanseforum Vestland som er samarbeidsorganet for kompetansearbeid i regionen.

Illustrasjon:  Kompetanseforum Vestland - Klikk for stort bileteI Kompetanseforum Vestland sit leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Vestland, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Fagskolen i Hordaland, Opplæringsdirektøren i Vestland fylkeskommune, partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, NAV og Helse Vest.

I tillegg til Kompetanseforum Vestland  er samarbeidsmodellen for regionalt kompetansearbeid i regionen sett saman av kompetanseforum i regionane i fylket og kontaktpunkt for sentrale bransjar.

Samarbeidsarena Vest (del av ytste delen av grøn sirkel) er der næringslivet møter utdanningsintitusjonar i Øygarden og på Askøy. Samarbeidsarena Vest gir innspel til Kompetanseforum Vestland om kva behov næringslivet har no og i framtida i våre kommunar.

Samarbeidsarena Vest blir leia av dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang.

Innspel? Send epost til rikard@vnr.no eller ring på tlf. 452 80 869

 

Lærlingplassar 

Klikk for stort bilete 

Lærlingplassar kan vere ein del av kompetanseløftet i regionen. 

Live2Learn (L2L) er eit fleirfagleg opplæringskontor, ein ideell stiftelse som vart oppretta 20.04.2007 etter initiativ frå lokale industribedrifter.
L2L har fulgt opp omlag 600 lærlingar. Faga L2L representerar er i hovedsak frå VG2 Industriteknologi og VG3 Automasjon.


L2L har som formål å utvikla fagleg dyktige lærlingar, forståing og ansvar til yrke og samfunn. Med dyktige lærlingar vil ein kunne auke bedriftenes konkurranseevne, lønnsemd og kvalitetsbevisstheit.


Visjonen til L2L er «Alle fortjener et fagbrev». Vi står for høg standard og profesjonalitet i rekruttering og opplæring av lærlingar og praksiskandidatar. Medlemsbedriftene får nødvendig rekrutteringsgrunnlag, som igjen bidreg til høgare kvalitet på søkarar til lærlingplassane. For praksiskandidatar leggjer vi til rette for fleksible opplæringstilbud.

Med både opplæring og praksis i eit fag får lærlingane kompetanse tilpassa den spesifikke arbeidsplass.


Ønskje du å verte lærebedrift – få dyktige fagarbeidere og ta samfunnsansvar kontakt Live2Learn