Svært mange lokale butikkar og bedrifter har vore gjennom tronge månader, og verkeleg fått kjenna på koronakrisa. No ber vi innbyggjarane om å hjelpe bedriftene opp igjen.
I lokal tiltakspakke fase 1 blei det i formannskapet i Øygarden kommune 16. april vedteke 11 tiltak. Eit av tiltaka var:
«Planleggja og gjennomføra haldningskampanje for å få innbyggjarar til å handle lokalt»
19. mai blei kampanjen lansert på tre stader i Øygarden: Kommunesenteret Straume og dei to kommunedelsentra Skogsskiftet og Rong.
Svært mange arbeidsplassar, kanskje så mange som 2000 (1300 berre på Sartor) av 14 378 sysselsette i Øygarden jobbar i butikk. Dei fleste av desse har hatt nokre tøffe månader bak seg med stenging p.g.a. smittefare.
Næringslivet elles har også fått seg ein alvorleg knekk i koronakrisa. Kan bedriftene hjelpa kvarandre oppatt? Kan ulike bransjar nytta kvarandre? Vi trur det. Ved å bruka kvarandre løftar ein kvarandre. Haldningskampanjen handlar også om at bedrifter blir oppmoda om å handla varer og tenester av andre bedrifter i Øygarden.
Målet med kampanjen er å:
- Berge/ta vare på arbeidsplassar
- Oppretthalde utvalet av varer og tenester
- Gjere innbyggjarane medvitne om:
- Dei positive ringverknadene av å handla lokalt
- Handlar du på nett i utlandet støttar du arbeidsplassane der
- Vil du ha eit godt utval av bedrifter og butikkar i framtida, så må vi bruke dei no
- Butikkar og lokale firma treng oss meir enn nokon gong
Video
Du finn dei nyaste videoane lengst oppe på sida.
Spenn på deg skoa og kom deg ut!
Eventyret om samarbeid mellom bedrifter
"Lensmannsbetjent" Kallestad tar grep ved Sotrabrua
Slik finn du feriefreden i Øygarden
Tilbyr actionfylte aktivitetar
Maria vil gje barn ein oppvekst dei aldri gløymer
Fredrik frå Glesnes nyttar lokale tenester
Slik kan bedriftene løfta kvarandre
Irene Evensen vil ta vare på utvalet i butikkane
Video frå lanseringsdagen:
Konkurranse