Om Vekstportalen

Vekstportalen er ein informasjonsportal for bedrifter, lag og organisasjonar som er hardt ramma av koronakrisa. Sida er oppretta som eit samarbeid mellom Øygarden kommune og næringslivet v/ Vest Næringsråd.

Målet er at denne sida skal vera ei ressursside for næringslivet, særleg i den situasjonen næringslivet er inne i nå med koronavirus som har skapt store utfordringar for heile samfunnet.

Her vil du finna informasjon om ulike tilskot- og støtteordningar, tiltak og prosjekt Øygarden kommune har planar om å gjennomføra på kort og lengre sikt. Her er også gode råd om smittevern, spørsmål knytt til permittering/sjukemelding og kompetanseutvikling.

Sida er under utvikling. Ny informasjon og nye funksjonar vil bli lagt til etterkvart.


Vestland fylkeskommune støttar Vekstportalen og haldningskampanjen med 275 tusen kroner.

Klikk for stort bilete