Vest Næringsråd har fått i oppgåve av Øygarden kommune å oppretta ein servicetelefon for næringslivet i denne svært utfordrande tida.
Sirianne Arnestad Hellerud (23) er difor tilsett som koordinator for å stå til teneste for bedriftene i regionen.
Ta kontakt med på telefon 469 59 693 eller e-post.

Dette er stemma som svarer
Sirianne Hellerud frå Sandane flytta nyleg til Øygarden. Hellerud har utdanning innan organsasjon og leiing. Organisasjonsvitaren Hellerud har interesse for å kunne hjelpe verksemder i riktig retning og tek gjerne ein prat med deg. Med eit brett nettverk i næringslivet, og inn til kommunen kan Vekstportalen hjelpe verksemder i ulike situasjonar.
Verksemder kan gjerne ta kontakt for å dela sin eigen situasjon, tips til nyheiter eller stille spørsmål.
Sirianne ser fram til å få telefon frå deg!