Zinken vart Årets bedrift, Hans Jarle Einarsen vart Årets fyrtårn

Eit høgdepunkt på årsfesten til Vest Næringsråd er utdeling av prisen Årets bedrift og Årets fyrtårn. Dette året gjekk prisen Årets bedrift til varmforzinkingsbedrifta Zinken på Straume, medan Hans Jarle Einarsen fekk prisen Årets fyrtårn for sitt mangeårige engasjement for innsamling av pengar til kreftsaka og innsats for Sotra Badminton Club.

Dagleg leiar Ole Morten Skjold tok i mot prisen Årets bedrift på vegner av Zinken. - Klikk for stort bileteDagleg leiar Ole Morten Skjold tok i mot prisen Årets bedrift på vegner av Zinken. 

22 bedrifter har tidlegare fått prisen Årets bedrift. I grunngjevinga for årets pris heiter det at denne bedrifta har eit godt arbeidsmiljø og ei leiing med stort hjarta.

- Selskapet har det nyaste produksjonsanlegget i Noreg innan sin bransje, og følgjeleg er alle moglege miljøomsyn tekne, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Dagleg leiar Ole Morten Skjold var stolt over prisen.

- Vi har lagt vekt på inkluderande arbeidsliv. Vi som bedrifter må våga å satsa på dei som treng litt ekstra. Det kostar litt ekstra tid, men det er verdt det, sa han. Zinken er lokalisert på Straume og har 14 tilsette.

Årsfesten er ein del av Øygardskonferansen som gjekk av stabelen på dagtid. Les meir her.

Årets fyrtårn

Hans Jarle Einarsen var svært overraska over at han fekk prisen Årets fyrtårn. Denne prisen er kalla opp etter visjonen til Øygarden, eit fyrtårn i vest.

Her er Årets fyrtårn; Hans Jarle Einarsen - Klikk for stort bileteHer er Årets fyrtårn; Hans Jarle Einarsen 

- I januar 2019 lova han på eit medlemstreff i Vest Næringsråd at han skulle springa 20 maraton for kreftsaka før han fylte 50 år. Problemet var bare at for å klara det, måtte han springa sju maraton de neste 10 månadene. Klarte han det? Ja. Sta som et esel, heiter det i grunngjevinga frå juryen som viser til at han i løpet av 11 år har samla inn over fem millionar kroner til kreftsaka.

Einarsen har også engasjert seg i Sotra Badminton Club og er no visepresident i Norges Badminton Forbund.

- Det er ei utruleg stor ære å få denne prisen. Eg hadde ikkje klart dette utan støtta frå næringslivet, sa Einarsen

Årets bedrift og Årets fyrtårn vert delt ut i samarbeid med Nordea.

Vinnarar av Stormfondet 2021

Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidlar til regional næringsutvikling, løyvd av Sparebanken Vest. Inkludert årets tildelingar har 96 bedrifter eller prosjekt fått støtte frå fondet.

I 2021 var det 24 søkjarar. Sju fekk støtte:

Hovudvinnarar:

  • Algetun AS  kr 100 000 + promoteringsfilm
  • Birkstaale AS kr 100 000 + promoteringsfilm
  • Robotfabrikken AS kr 100 000 + promoteringsfilm
  • 2Stabilise AS kr 100 000 + promoteringsfilm

Tre tilleggsvinnarar:

  • Matilla Outlet AS kr 50 000
  • Biofjord kr 50 000
  • Novumare kr 50 000

Vinnar av Stormfondet

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Andre bilete

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete