Vil ha flyktningar raskt ut i arbeid

Øygarden kommune søkjer om statleg støtte til å setja i gang eit hurtigsprosjekt med mål om å få flyktningar busett og raskt i jobb.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.fot 

Tidlegare Fjell kommune gjennomførte prosjektet «Rett i jobb». No søkjer kommunen Utlendingsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om støtte på 3,15 millionar kroner årleg over to år til ei prosjekt som er tilpassa den aktuelle situasjonen med kraftig auke i talet på akuttinnkvartering og busetjing av flyktningar.

- Målet er å få på plass ei hurtigspor både for busetjing av flyktningar som har fått svar på søknad om asyl og eit hurtigspor med å kunna å gå rett i jobb utan å gå vegen om eit introduksjonsprogram, seier koordinator for flyktningmottak, Monica Pedersen. 

Prosjektet inneber mellom anna å etablera rutinar for sjølvbusetjing, elektronisk kartlegging av dei som bur i statleg mottak, utvikling av kartoversikt over ledige bustader og ledig kapasitet i barnehage og skule.

- Vi ønskjer også å ta i bruk og utvikla ressursane til den enkelte gjennom samarbeid med næringslivet. Vi ønskje rå inngå ein samarbeidsavtale med Vest Næringsråd. Denne organisasjonen har nær 400 medlemer og vil kunna halda dialog med medlemsbedriftene og presentera aktuelle kandidatar for arbeid, seier Pedersen.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, seier at næringsrådet er positiv til dette prosjektet og vil gjerne bidra.

- Næringslivet i Øygarden har behov for arbeidskraft, og eit slikt samarbeidsprosjekt kan bidra til at næringslivet får tilført tiltrengt arbeidskraft, seier Ledang.

Målet er å få på plass tilsette i prosjektet innan 1. juni.

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune vedtek ei ramme på 250 busetjingar av flyktningar i 2022. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 24. mars. Utlendingsdirektoratet legg til for akuttinnkvartering i kommunen med 150 plassar.


Tekste: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox