Utbygging av straumforsyninga hastar

Formannskapet er uroa for at mangel på elektrisk kraft kan verta hinder for etablering av nye arbeidsplassar i regionen. I dag gav formannskapet uttale om konseptvalutgreiing (KVU) av eit tredje straumsamband til Kollsnes. Utgreiinga er utarbeidd av Statnett.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Formannskapet slutta seg til eit framlegg frå Høgre, Frp og KrF. Der heiter det at formannskapet sluttar seg til at det vert starta ein prosess med KVU og at det vert gjort grundige samfunnsøkonomiske og natur/areal-vurderingar ved val av konsept.  Formannskapet uttrykkjer bekymring for at mangel på elektrisk kraft vil kunna vera til hinder for etablering av nye arbeidsplassar i regionen.

- Formannskapet ber difor om at ein set fortgang i arbeidet for å sikra nok elektrisk kraft til regionen. Ein rår til at utbygging og styrking av hovudkraftnettet i tråd med tilrådinga i KVU, må setjast i gang snarast råd. Regjeringa må syta for at dei nødvendige finansielle ressursane til ei slik utbygging kjem på plass, heiter det i uttalen frå formannskapet.

Det vart også vedteke eit tillegg frå Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) om at forbetring av kraftnett skal ikkje skal føra til auka fastavgift for privatbruk.

Vedtok kriterium for tildeling av krisemidlar

Etter forslag frå Høgre, Frp og KrF vedtok formannskapet kva målgrupper og kriterium som skal liggja til grunn for tildeling av 4,34 millionar kroner som Øygarden kommune skal fordela til verksemder som er særskild ramma av koronaviruset.

Vedtaket i formannskapet i dag inneber at utlysing og rapportering av krisemidlane vert delegert til styret i Øygarden næringsutvikling KF (KF: kommunalt føretak). Øygarden Næringsutvikling KF utarbeider forslag til prioritering og fordeling av krisemidlane saman med aktørgruppa Vest Næringsråd, Vekstportalen. Forslaget vert lagt fram for styret i Øygarden Næringsutvikling KF for prioritering og fordeling. Øygarden Næringsutvikling KF legg fram orienteringssak til formannskapet så snart midlane er fordelte og rapporterte på. 

Det vart også vedteke å endra formuleringa i utgreiinga om målgrupper. No heiter det at målgruppa er restaurantar og reiseliv, samt sosiale entreprenørar og småbedrifter registrert i kommunen.

Mindretalet, Ap, Sp og Miljøpartiet Dei Grøne, røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren. I dette forslaget gjekk det fram at det var formannskapet som skulle gjera endeleg vedtak om fordeling etter innstilling frå Øygarden næringsutvikling KF saman med Vest Næringsråd/Vekstportalen.

Kommunen deltek ikkje i arbeid med reguleringsplan for vegtrasé

Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om at kommunen ikkje går inn i ein avtale med Svanevågen Prosjektutvikling AS om å involvera seg i arbeid med reguleringsplan for vegtrasé mellom Breivikvegen og Kollsnesvegen. I vedtaket heiter det at kommunen ikkje går inn i ein avtale med Svanevågen Prosjektutvikling AS om forskottering av arbeid med regulering av vegtrasé mellom Breviksvegen og Kollsnesvegen.

Etter framlegg frå Høgre, Frp og KrF vart det i tillegg vedteke å endra til og bedt om at kommunen går i dialog med dei som har motsegner og krav til det ein oppfattar som urimelege rekkjefølgekrav til plangrunnlaget for tredje trinn i reguleringsplanen for Svanevågen, og sikrar at utbyggjar kjem seg vidare i planutarbeidinga innanfor det som er rimeleg, sett opp mot planomfang og eksisterande infrastruktur i området.  

Utsette sak om budsjettprosess

Formannskapet vedtok å utsetja saka til neste møte då ein treng litt meir tid politisk til å sjå på prosessen. Formannskapet sender saka ut til gruppeleiarane i partia i kommunestyret, slik at dei innan 3. februar kan senda sine innspel til forbetring og forenkling av budsjettprosessen for 2022.

Orienteringar

Før behandlinga av sakene tok til var det orientering om koronaviruset ved ordførar Tom Georg Indrevik, nyttårsmøtet til fylkesordføraren ved varaordførar Atle Dåvøy, oppfølging av økonomi 2021 ved kommunedirektør Rune Lid og sak om byggjeløyve (Knappen Sjø AS) ved kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal.

Tekst: Vigleik Brekke