Søk midlar til bedriftintern opplæring

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til bedriftsintern opplæring (BIO). Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i bedrifter som er råka av koronakrisa, både ordinære opplæringstiltak og fagbrev på jobb. 

Klikk for stort bilete 

Søknadsfrist 22.Mai

Les meir og søk om BIO-midlar her 

Kven kan søkje og delta i opplæringa?

  • Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.  
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta. 
  • Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 
  • Heilt og delvis permitterte kan også delta i opplæringa.  
     

    Døme på opplæringstiltak

    Opplæring som gjer det mogleg for dei tilsette å ta nye oppgåver i ei periode der oppgåvene ein elles løyser er mindre etterspurde. 

    Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande). 

    Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader. 

    Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester. 

    Opplæring som bidreg til kvalifisering til fagbrev.

Hovudkrav til søknad:

At bedrifta er råka av koronakrisa.  

At opplæringstiltaka skal vera knytt til planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.

At grunngjeving for behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt formulert.  

At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. 

At kostnaden per deltakar i opplæringa ikkje er over 30 000 kr. Unnatak må grunngjevast særskild.